-
Bli med som bøssebærar for TV-aksjonen!
Søndag 18. oktober går årets TV-aksjon av stabelen, der inntektene går til NRC Flyktninghjelpen under temaet «Saman for menneske på flukt»
ALLE MED-dugnad og Kulturstove
25. april arrangerte Stryn kommune ALLEMED-dugnad. Over 70 engasjerte personar frå frivilligheit, kommune og næringsliv møtte opp for å komme opp med løysingar for å inkludere alle barn og unge i fritidsaktivitet.Løysingane med flest stemmer var:
1. Fleire opne møteplassar for barn og unge.
2. “Tilflyttarteneste”
3. Løfte eksisterande støtteordningar.
Kommunen har eit overordna ansvar for å følgje opp løysingane og dei som tok på seg ansvaret for løysingane, og vil fortsette med det utover hausten. Eit av tiltaka som er ei oppfølging etter dugnaden er Kulturstove – ein open møteplass i kulturhuset etter skuletid for 4. - 7. trinn.
Kulturhuset vil med støtte av midlar frå Barne- og familiedirektoratet skape ein open møteplass for 4.-7. trinn etter skuletid annankvar torsdag i kulturhuset. Møteplassen vil vere open frå 14.30-17.00. Den opne møteplassen vil heite Kulturstove for å bygge på kommunedelplan for kultur sine mål om at kulturhuset skal vere Stryn si storstove. Utover spel, mat og diverse andre aktivitetar ønskjer vi at den opne møteplassen blir fylt med spennande, og gjerne kulturelle og kreative aktivitetar for målgruppa.
Vi inviterer frivilligheita til å vere med, med det de er gode på! Dette er eit høve til å vise fram sin aktivitet og rekruttere nye medlemmer og deltakarar til dykkar aktivitet. Ein aktivitet kan til dømes vere frå 16 til 17. Døme på aktivitetar kan vere kunstverkstad, spikking, sykurs, gaming, baking, fotokurs, konsert, dansekurs eller oppvising av anna slag. Vi er opne for alle forslag til aktivitetar som kan treffe målgruppa, og det treng ikkje vere eit stort opplegg. Stryn kommune vil dekke eventuelle utlegg de har til aktiviteten etter nærare avtale. Aktiviteten skal vere mogleg å vere med på utan påmelding.
Om nokon er interesserte i å høyre meir om, eller vere med på prosjektet, ta kontakt med Ingrid Heieren Sølvberg (ingrid.heieren@stryn.kommune.no) ved kulturkontoret for meir informasjon.

Del på:
-
Kva meiner du om reiselivet i Stryn?
Reiselivet skaper aktivitet, arbeidsplassar og gode opplevingar, men kan òg føre til utfordringar for naturen og lokalsamfunna våre.
-
Skarsteinsetra opp, 12. september!
Om du springe, syklar, går eller trillar er du velkommen til å delta på årets begivenhet Skarsteinsetra opp i Olden, arrangert av Olden Idrettslag.
-
Når Nils Vik legg ut på si siste reise
Teater Vestland tek Frode Grytten sin prisvinnande roman «Den dagen Nils Vik døde» til scena. Det blir ei forteljing om eit heilt liv, om kjærleik, menneskemøte og den siste reisa ut fjorden. Sjå framsyninga i Oppstryn 09.september eller i Aldaheim i Olden 10.september
-
Friluftslivets veke
Finn din tur, og bli med å feire norsk natur