-
Bli med som bøssebærar for TV-aksjonen!
Søndag 18. oktober går årets TV-aksjon av stabelen, der inntektene går til NRC Flyktninghjelpen under temaet «Saman for menneske på flukt»
Svar på kommunen si undersøking om reiseliv!
Kva synes du om turisme og reiseliv i Stryn kommune? Svar på undersøkinga innan 27.augustStryn kommune utfører denne sommaren ei rekkje datainnsamlingar, m.a. trafikkteljingar og destinasjons- og naturkartlegging og ei digital innbyggarundersøking. Svara utgjer ein del av politisk kunnskapsgrunnlag for handsaming av cruisekai nr 2, samt eventuelle andre spørsmål kring reiseliv. QR-koden og lenkja fører deg til kommunen si digitale innbyggarundersøking og det tek om lag 15 minutt å svare. Undersøkinga gjeld staden der du bur sortert på postnummer/grend, samt nokre generelle spørsmål for heile kommunen. trykk her for å svare.
I tillegg minner vi om at Nordfjordrådet og Visit Nordfjord òg utfører kartleggingar som gjeld heile Nordfjord og som vert viktige kunnskapsbasar for arbeidet. Det er difor fint om du tek deg tid til å svare på desse òg. HER
På førehand takk for hjelpa, vi vonar på høg svarprosent på Stryn kommune si innbyggjarundersøking slik at sluttrapporten vert mest mogleg presis og dekkjande.
Svarfrist 27. august.
Del på:
-
Kva meiner du om reiselivet i Stryn?
Reiselivet skaper aktivitet, arbeidsplassar og gode opplevingar, men kan òg føre til utfordringar for naturen og lokalsamfunna våre.
-
Skarsteinsetra opp, 12. september!
Om du springe, syklar, går eller trillar er du velkommen til å delta på årets begivenhet Skarsteinsetra opp i Olden, arrangert av Olden Idrettslag.
-
Når Nils Vik legg ut på si siste reise
Teater Vestland tek Frode Grytten sin prisvinnande roman «Den dagen Nils Vik døde» til scena. Det blir ei forteljing om eit heilt liv, om kjærleik, menneskemøte og den siste reisa ut fjorden. Sjå framsyninga i Oppstryn 09.september eller i Aldaheim i Olden 10.september
-
Friluftslivets veke
Finn din tur, og bli med å feire norsk natur