-
Bli med som bøssebærar for TV-aksjonen!
Søndag 18. oktober går årets TV-aksjon av stabelen, der inntektene går til NRC Flyktninghjelpen under temaet «Saman for menneske på flukt»
I Stryn er heile 20% av innbyggjarane opprinneleg frå eit anna land enn Noreg,
I samarbeid med Flyktningtenesta i Stryn, nyankomne og tidlegare flyktningar, arbeidsinnvandrar og Bygdekvinnelaga i Stryn arrangerer Stryn Frivillegsentral "Internasjonalt matbord" på Stryn vidaregåande skule. Du får moglegheit til å smake på kjende og ukjende rettar, frå heile verda!
Frivillegsentralen vil gjerne takke Stryn vgs for utlån av kjøken, og Sparebanken Vest for økonomisk stønad til matbordet. Alt anna arbeid med matbordet skjer på dugnad av tilflyttarar frå andre land i kommunen vår.
Dette er eit arrangement for heile familien!
Maten kostar 100 kr per person, 300 for familiar. Ungar betalar ingenting.
Del på:
-
Kva meiner du om reiselivet i Stryn?
Reiselivet skaper aktivitet, arbeidsplassar og gode opplevingar, men kan òg føre til utfordringar for naturen og lokalsamfunna våre.
-
Skarsteinsetra opp, 12. september!
Om du springe, syklar, går eller trillar er du velkommen til å delta på årets begivenhet Skarsteinsetra opp i Olden, arrangert av Olden Idrettslag.
-
Når Nils Vik legg ut på si siste reise
Teater Vestland tek Frode Grytten sin prisvinnande roman «Den dagen Nils Vik døde» til scena. Det blir ei forteljing om eit heilt liv, om kjærleik, menneskemøte og den siste reisa ut fjorden. Sjå framsyninga i Oppstryn 09.september eller i Aldaheim i Olden 10.september
-
Friluftslivets veke
Finn din tur, og bli med å feire norsk natur