-
Bli med som bøssebærar for TV-aksjonen!
Søndag 18. oktober går årets TV-aksjon av stabelen, der inntektene går til NRC Flyktninghjelpen under temaet «Saman for menneske på flukt»
Vil du lære å spele eit instrument? Eller synge, danse, måle eller halde på med teater?
Søknadsfrist er 01.06!På Stryn kulturskule får du undervisning i musikk, dans, visuelle kunst og teater. Hovudopptaket for neste skuleår er 1.juni men det blir teke imot nye elevar så framt vi har ledig kapasitet. Kulturskulen er open for alle mellom 6 og 100 år! Songelevar må vere 10 år for å byrje hjå oss, og born og unge blir prioritert.
Kulturskuleåret føl skuleåret og har ferie samstundes med skulane. Undervisninga vår byrjar rett etter skuletid og varer utover ettermiddagen. Vi har både små og store konsertar og kunstutstillingar som du kan delta på om du ynskjer.
Som elev hjå oss får du ein individuell undervisningstime på 20 minutt kvar veke på ditt instrument. Vi freistar å få til samspel på tvers av enkelttimane. Gruppetimane i dans, teater og kunst varer frå 45 minutt til 90 minutt. Kortare kurs og helgakurs kan også dukke opp - følg med her på heimesida og Facebook for informasjon.
Del på:
-
Kva meiner du om reiselivet i Stryn?
Reiselivet skaper aktivitet, arbeidsplassar og gode opplevingar, men kan òg føre til utfordringar for naturen og lokalsamfunna våre.
-
Skarsteinsetra opp, 12. september!
Om du springe, syklar, går eller trillar er du velkommen til å delta på årets begivenhet Skarsteinsetra opp i Olden, arrangert av Olden Idrettslag.
-
Når Nils Vik legg ut på si siste reise
Teater Vestland tek Frode Grytten sin prisvinnande roman «Den dagen Nils Vik døde» til scena. Det blir ei forteljing om eit heilt liv, om kjærleik, menneskemøte og den siste reisa ut fjorden. Sjå framsyninga i Oppstryn 09.september eller i Aldaheim i Olden 10.september
-
Friluftslivets veke
Finn din tur, og bli med å feire norsk natur