-
Bli med som bøssebærar for TV-aksjonen!
Søndag 18. oktober går årets TV-aksjon av stabelen, der inntektene går til NRC Flyktninghjelpen under temaet «Saman for menneske på flukt»
ALLE MED!
Ønskjer du at fleire born og unge skal få ei meiningsfull fritid i ein inkluderande fellesskap?Stryn kommune invitera til ein tverrfagleg dugnad der vi saman brukar dialogreiskapen ALLEMED for å skape diskusjon, medvit, og finne løysingar på korleis vi i fellesskap kan jobbe for å få alle barn og unge med i fritidsaktivitetar.
ALLEMED er ein gratis reiskap utvikla for å auke merksemd om utanforskap blant barn og unge, og for å sikre inkluderande arbeid for å få alle med. Alle som møter borna og familiane, kan bidra til å bryte barrierar for deltaking o i fritidsaktivitetar. Ved å jobbe samen på tvers av fag og sektorar, kan vi i fellesskap sikre at alle born får oppfylt sin rett til leik og fritid. Skal alle born ha moglegheit til å delta jamelg i fritidsaktivitetar, må både kommune og frivillege gjere ein innsats kvar for seg og saman. Difor er det viktig med dialog for at ein har ein sams forståing for kva utfordringar og hindringar som fins for deltaking. Vi treng også å bli kjent med dei lokale styrkene og ressursane våre for å jobbe målretta for eit inkluderande samfunn!
Målet med Fritidserklæringa er at alle born, uavhengig av foreldra sin sosiale og økonomiske situasjon, skal ha moglegheit til å delta jamleg i minst ein organisert fritidsaktivitet. For at dette målet skal bli nådd, må dei gode kreftene som er rundt barnet gjere ein felles innsats. Alle born har rett til ei god oppvekst med ei meiningsfull fritid, der dei får oppleve meistring, og høyre til i eit fellesskap. Forsking og statistikk viser at det er mange barn som ikkje deltek i organiserte fritidsaktivitetar på grunn av ulike barrierar, blant anna kan økonomi, manglande informasjon, eller utilgjengelegheit vere årsakar til fråfall i aktivitetstilbod.
Stryn planlegger ein Alle- Med dugnad 25.april, i Stryn Kulturhus kl 1630-19.00, og vi treng at ALLE lag og organisasjonar, eldsjeler, og alle som bryr seg om unge si fritid deltek!
Kjem du? Meld deg på til: maria.ulvedal@stryn.kommune.no
Del på:
-
Kva meiner du om reiselivet i Stryn?
Reiselivet skaper aktivitet, arbeidsplassar og gode opplevingar, men kan òg føre til utfordringar for naturen og lokalsamfunna våre.
-
Skarsteinsetra opp, 12. september!
Om du springe, syklar, går eller trillar er du velkommen til å delta på årets begivenhet Skarsteinsetra opp i Olden, arrangert av Olden Idrettslag.
-
Når Nils Vik legg ut på si siste reise
Teater Vestland tek Frode Grytten sin prisvinnande roman «Den dagen Nils Vik døde» til scena. Det blir ei forteljing om eit heilt liv, om kjærleik, menneskemøte og den siste reisa ut fjorden. Sjå framsyninga i Oppstryn 09.september eller i Aldaheim i Olden 10.september
-
Friluftslivets veke
Finn din tur, og bli med å feire norsk natur