-
Bli med som bøssebærar for TV-aksjonen!
Søndag 18. oktober går årets TV-aksjon av stabelen, der inntektene går til NRC Flyktninghjelpen under temaet «Saman for menneske på flukt»
Open dag Stryn Røde kors hjelpekorps!
Tirsdag 14.02 inviterar Stryn Røde kors hjelpekorps medlemmar og andre interesserte på korpskveld. Tema er pasientundersøking, sideleie, hjarte- og lungeredning og behandling av skadde.Er du nysgjerrig på å bli med i hjelpekorpset? Eller kanskje ønskjer du å bli tryggare i korleis ein handterar skadde i ei ulukke? Dei fleste ulukker skjer i heimen, men veit du kva du skal gjere når uhellet først er ute? Mange opplever også å vere førstemann ut til ei ulukke, eller å bli vitne til at nokon får eit illebefinnande. Med ein gjennomgong med hjelpekorpset på førstehjelp vil du oppleve å bli tryggare på korleis ein handterar å hamne ut for ein slik situasjon.
Alle er velkomne til huset til Stryn Røde kors tirsdag 14.02 kl 19-20.30
Del på:
-
Kva meiner du om reiselivet i Stryn?
Reiselivet skaper aktivitet, arbeidsplassar og gode opplevingar, men kan òg føre til utfordringar for naturen og lokalsamfunna våre.
-
Skarsteinsetra opp, 12. september!
Om du springe, syklar, går eller trillar er du velkommen til å delta på årets begivenhet Skarsteinsetra opp i Olden, arrangert av Olden Idrettslag.
-
Når Nils Vik legg ut på si siste reise
Teater Vestland tek Frode Grytten sin prisvinnande roman «Den dagen Nils Vik døde» til scena. Det blir ei forteljing om eit heilt liv, om kjærleik, menneskemøte og den siste reisa ut fjorden. Sjå framsyninga i Oppstryn 09.september eller i Aldaheim i Olden 10.september
-
Friluftslivets veke
Finn din tur, og bli med å feire norsk natur