-
2. desember er slettedagen- Oppmodar til digital dugnad
2. desember vert nordmenn blir oppmoda til å rydde opp i sitt digitale liv. Målet er både å skape betre oversikt i eigne digitale arkiv og å redusere det klimaavtrykket som ubrukte filer, appar og datatrafikk fører med seg.
Millionar til idretten!
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane annonserar i dag 9. februar at dei set av 1 million til idretten! Stiftinga har i første omgang tildelt 1 million kroner av overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane til fondet, og signaliserer at dei vil supplere fondet dersom det blir behov for det. – Dessverre er det slik at frivillig sektor opplever fråfall blant barn og unge på grunn av vanskeleg familieøkonomi. Det fører til auka utanforskap, noko som er svært uheldig. Slik ønskjer vi ikkje å ha det, seier Hallvard Klakegg, direktør i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.Skal skape større deltaking
Inkluderingsfondet er midlar som idrettslag og andre ideelle foreiningar kan bruke til å hjelpe medlemar som har behov for å bli inkludert eller er frå familiar med vanskelegstilt økonomi. Familieøkonomien bør ikkje vere ei barriere for at barn og unge kan delta i fritidsaktivitetar på linje med andre. Organisasjonar kan søkje om å få midlar til å dekke til dømes medlemsavgift, treningsavgift, deltakravgift og nødvendig personleg utstyr til medlemar som er i målgruppa.
– Utanforskap er noko vi i Sparebankstiftinga har jobba med over lengre tid og vi har ofte gitt støtte til tiltak som skal skape inkludering og hindre utanforskap.
Med omsyn til personvern og risikoen for stigmatisering er det viktig at det blir innarbeidd gode retningslinjer og praksis for korleis ein handterer ei slik ordning. Idrettskrinsen vil ta ei aktiv rolle når det gjeld å gje god informasjon i idrettslaga. Det er ofte trenarar, instruktørar og hjelpeapparat som er best til å vurdere behovet og tettast på til informere foreldre i målgruppa om korleis ein kan få hjelp til å dekke kostnader til aktiviteten barna er med på. Ordninga vil i hovudsak vere tillitsbasert. Det vil mellom anna bli brukt tilgjengeleg statistikk for å vurdere behovet når søknader frå lag og foreiningar skal handsamast.
Frivillige lag og organisasjonar innan barne- og ungdomsarbeid kan søkje om støtte frå inkluderingsfondet. Første søknadsfrist blir 20 april i år. Søknadsskjema blir lagt ut på Sparebankstiftinga si heimeside i byrjinga av mars.
Les heile saka her
Idrettslag kan truleg vente endå fleire moglegheiter for å skaffe seg midlar sidan Kulturminister Anette Trettebergstuen formidla at det er sett av 100 millionar til idretten. I VG stod det følgande i nettutgåva 06.02: "– Ni av ti norske barn er innom idretten i løpet av barndommen. Det skyldes at det er billig å bli med. Men ut fra hva jeg hører, så frykter jeg jo at den fantastiske norske idrettsmodellen kan forvitre, sier Trettebergstuen. Hun varsler et økt overskudd i Norsk Tipping på cirka 100 millioner kroner for fjoråret. Hele beløpet skal inn i en ny ordning som kommer breddeidretten til gode. Pengene skal utbetales i mai og gå til drift av klubbene."
VG sin sak kan du lese utan abonnement her
Del på:
-
Invitasjon til folkemøter- Stryn kommune lagar plan for helse
I samfunnsplanen for Stryn kommune som gjeld fram til 2035 er eit av måla: Ein god stad å bu for alle heile livet
-
Julevarme i Stryn 2025
Gjer deg klar for ein magisk kveld med «Julevarme i Stryn»! Den 11. desember fra kl. 18:00 til 19:30 kan du oppleve artisten Line Dybedal, som saman med fleire musikalske ungdomstalent frå vår eiga bygd skal fylle rommet med varme og vakre tonar og ei deilig førjulsstemning.
-
Røykvarslar-dagen: Ein enkel sjekk som kan redde liv
Kvart år den 1. desember markerer vi Røykvarslar-dagen i Noreg. Dette er ein nasjonal påminning om kor viktig det er å ha fungerande røykvarslarar – og om at dei må testast jamleg. Brann i bustad tek liv kvart år, og ofte er manglande eller feil røykvarslar ei avgjerande årsak til at folk ikkje kjem seg ut i tide.
-
Stryn Arbeidssenter feirar 40 år!
Torsdag 27. november inviterer vi heile bygda til å feire vårt 40-årsjubileum i Grandevegen 7. Her blir det god stemning, nykokt kaffi, søte kaker – og ikkje minst hyggeleg lag med både gamle og nye kjenningar. Ta turen innom og bli med når vi markerer fire tiår med arbeidsglede, fellesskap og stoltheit!