-
Bli med som bøssebærar for TV-aksjonen!
Søndag 18. oktober går årets TV-aksjon av stabelen, der inntektene går til NRC Flyktninghjelpen under temaet «Saman for menneske på flukt»
No er tida for å skrive søknadar!
Vi er godt i gong med 2023, og mange lag og organisasjonar er kanskje i gong med å etablere nye styrer og planar for året? Då har vi ein god motivasjonsfaktor: tilskotsmidlar!I februar og mars er det mange tilskotsordningar som har søknadsfrist, og det skal godt gjerast å halde oversikta over alle moglegheiter til å skaffe sitt lag eller organisasjon midlar. Eit godt hjelpemiddel er å nytte tilskuddsportalen, som Stryn kommune abonnerar på. Her finn du mange tilskotsordningar, samt tips til korleis du skriv ein god søknad. Eit anna alternativ er nettsida tilskudd.no. Stryn kommune lyser også ut ein del tilskotsordningar no i mars, så føl med på heimesida til kommunen.
Ikkje minst har bankane ulike ordningar for tilskotsmidlar. Sparebanken vest delar ut ikkje mindre enn 301 millionar kroner til allmennyttige formål i lokalmiljøa på Vestlandet. Sparebanken Sogn og Fjordane har fortløpande handsaming av mindre søknadar, medan større beløp av frist 01.mars. Sjå meir her.
Sjekk Vestland fylkeskommune for midlar til blant anna driftstilskot kunst, kultur og idrett, spelemidlar, friluftsliv, inkludering og mangfald, med meir!
Del på:
-
Kva meiner du om reiselivet i Stryn?
Reiselivet skaper aktivitet, arbeidsplassar og gode opplevingar, men kan òg føre til utfordringar for naturen og lokalsamfunna våre.
-
Skarsteinsetra opp, 12. september!
Om du springe, syklar, går eller trillar er du velkommen til å delta på årets begivenhet Skarsteinsetra opp i Olden, arrangert av Olden Idrettslag.
-
Når Nils Vik legg ut på si siste reise
Teater Vestland tek Frode Grytten sin prisvinnande roman «Den dagen Nils Vik døde» til scena. Det blir ei forteljing om eit heilt liv, om kjærleik, menneskemøte og den siste reisa ut fjorden. Sjå framsyninga i Oppstryn 09.september eller i Aldaheim i Olden 10.september
-
Friluftslivets veke
Finn din tur, og bli med å feire norsk natur