-
Bli med som bøssebærar for TV-aksjonen!
Søndag 18. oktober går årets TV-aksjon av stabelen, der inntektene går til NRC Flyktninghjelpen under temaet «Saman for menneske på flukt»
Lihkku sámi álbmotbeivviin!
6. februar er samane sin nasjonaldag, og er offisiell flaggdag i Noreg. Det er mange hendingar og symbol knytta til dagen..I nokre norske oversettingar har «samefolkets dag» blitt brukt, fordi sámi betyr samisk, álbmot betyr folk og beaivi betyr dag. I den svenske oversettinga frå samekonferansen vart omgrepet «samernas nationaldag» brukt.
Begrepa «samefolkets dag» og «samisk folkedag» har etablert seg som følgje av upresise oversettingar og delvis som eit resultat av at omgrepet «nasjonaldag» av enkelte har vore oppfatta som kontroversielt. Samekonferansen la imidlertid til grunn at samane er eitt folk (nasjon) og at bruken av nasjonsbegrepet såleis ikkje forutset ein eigen stat. Både samekonferansen (senere Samerådet) og dei nordiske sametinga brukar offisielt omgrepet «nasjonaldag». Avgjerda om at 6. februar skulle vere samefolkets dag vart tatt av den 15. nordiske samekonferansen, som møttes i Helsingfors i 1992.
Flagget er eit viktig symbol på nasjonaldagen. Hovedmotivet er henta frå runebommen og frå diktet «Paiven parneh» («Beaivvi bártnit») av sørsamen Anders Fjellner. I dette diktet omtalar Fjellner samane som søner av sola. Sirkelen i flagget symboliserar sola og månen. Bakgrunnen (raud, blå, grøn og gul) er berre definert som dei samiske fargar (som er dei vanlegaste fargane i dei samiske folkedraktene).
"NRK Skole" har ei kort innføring i den samiske historia og forklaringa bak nasjonaldagen her
Del på:
-
Kva meiner du om reiselivet i Stryn?
Reiselivet skaper aktivitet, arbeidsplassar og gode opplevingar, men kan òg føre til utfordringar for naturen og lokalsamfunna våre.
-
Skarsteinsetra opp, 12. september!
Om du springe, syklar, går eller trillar er du velkommen til å delta på årets begivenhet Skarsteinsetra opp i Olden, arrangert av Olden Idrettslag.
-
Når Nils Vik legg ut på si siste reise
Teater Vestland tek Frode Grytten sin prisvinnande roman «Den dagen Nils Vik døde» til scena. Det blir ei forteljing om eit heilt liv, om kjærleik, menneskemøte og den siste reisa ut fjorden. Sjå framsyninga i Oppstryn 09.september eller i Aldaheim i Olden 10.september
-
Friluftslivets veke
Finn din tur, og bli med å feire norsk natur