-
Fjordane friluftsråd inviterar til to friluftsskular i Stryn i sommar!
Friluftsskule – opplevingar, meistring og friluftsglede 30.06-01.07- Innvik/Utvik 04.08-06.08- Stryn/Blakset
Låne utstyr heilt gratis?
På BUA Stryn kan du låne utstyr heilt gratis. Der finn du både ski, skøyter, pulk, bæremeis, syklar, soveposar, rulleskøyter, SUP-brett, skateboard, våtdrakter, hjelmar og veldig mykje meir!Manglar du utstyr? Eller er du nysgjerrig på ein ny aktivitet og vil prøve før du kjøpe? På BUA kan alle som vil låne utstyr heilt gratis. BUA i Stryn held til midt i hjertet av sentrum, Perhusvegen 14. Det er Stryn Frivillegsentral som eig og driftar BUA. Tanken med BUA er å redusere forbruk, redusere sosial ulikskap, og å auke aktiviteten for folket! BUA er eit nasjonalt nettverk, og i Noreg har vi over 200 utstyrssentralar som i 2022 bikka ein million utlån!
BUA har ein visjon om å få flest mogleg ut i aktivitet utan å auke forbruket. Det er ingen tvil om at fritidsutstyr set store miljøavtrykk på kloden vår, både med produsering og frakt. Særleg om ein kjøpe utstyr som blir brukt lite. Difor ønskjer BUA å vere eit bærekraftig tilbod, med fokus på inkludering og auka aktivitet.
På BUA kan du lese meir om organisasjonen, og HER kan du sjå oversikt over alt utstyret som Stryn har, og kva som er tilgjengeleg. Dersom du ønskjer å låne mykje, for eksempel til ein klasse eller eit lag/organisasjon, ta kontakt med Marit Skrede i Frivillegsentralen for å gjere ei avtale.
I Stryn er BUA også meir enn ein utlånssentral! Ungdomane som jobbar her på ettermiddagane heldt også ope for sosiale aktvitetar på huset Triangelen. Sjå meir om opningstider og aktivitetar på BUA Event på facebook.
Del på:
-
Sommarferiedagar for ungdom!
Ung i Stryn inviterar til ÅRETS "SOMMARFERIEDAGAR FOR UNGDOM"! Vi har eit fullspekka program som går dei to første vekene av sommarferien, men vi har også spart på nokre go`bitar til den siste veka før skulestart! Uansett - vi håpar at mange vil finne noko som dei har lyst å delta på - og kanskje skape minner og opplevingar for livet!
-
Varslingsprøve 10. juni kl. 12.00
Onsdag 10. juni kl 12.00 blir Nødvarsel på mobil og tyfonane (Sivilforsvaret sitt varslingsanlegg) testa over heile Noreg i ei felles nasjonal varslingsprøve.
-
Siste møteplass før sommaren
Familienes møteplass – siste samling før sommarferien
-
Gratulere med dagen!
I dag, 8. mai, markerer vi ein av dei viktigaste dagane i norsk historie.