-
Bli med som bøssebærar for TV-aksjonen!
Søndag 18. oktober går årets TV-aksjon av stabelen, der inntektene går til NRC Flyktninghjelpen under temaet «Saman for menneske på flukt»
Nyte vinternaturen vår?
Når forholda først ligg til rette for det, er det nydelig å kome seg ut i vinterlandskapet vårt. Her er tips som gjer turen fin!Først og fremst, gløym aldri fjellvettreglane! Det er viktig å ferdast trygt i fjellet. Det vert for mørkt, og veret kan snu, sjølv på korte turar.
Lurer du på kvar det er fine skiløyper? På skisporet kan du følge trakkemaskina til turløyper Stryn, og finne dei ferskaste skispora! Du kan også følge Turløyper Stryn på facebook for oppdateringar om forholda i sporet. Nyttar du skiløypene ofte, hugs å kjøp årskort. Dersom du berre nyttar tilbodet ein gong i blant, kan du vippse til nr 94476, og støtte ei god sak. På strynturløyper.no finn du informasjonen du treng.
For å sjå forholda på Ullsheim, trykk HER.
Det fins fleire webkamera og verstasjona som vise forholda på populære turmål. Trykk HER for å sjå korleis det ser ut på Hoven og mot Lodalen. HER ser du forholda på Stryn Vinterski, med både bilde, temperatur og vindhøve. Stryn vinterski oppdaterar også hyppig på facebook, og der finn du også opningstider.
Manglar du utstyr? Eller vil du prøve noko nytt? Stikk innom BUA i Stryn, og lån utstyr heilt gratis. BUA held til i Perhusvegen 14, i Triangelen. Det er Stryn Frivillegsentral som driftar BUA i Stryn. Sjå etter ein lilla container. I den finn du både truger, pulk, langrennski, slalomski, snowboard, snowskates, hjelmar, akebrett, skøyter, primus, sitteunderlag med meir! Registrer deg som lånetakar på BUA før du kjem. Les meir på BUA Stryn.
God tur ut i vinter!
Del på:
-
Kva meiner du om reiselivet i Stryn?
Reiselivet skaper aktivitet, arbeidsplassar og gode opplevingar, men kan òg føre til utfordringar for naturen og lokalsamfunna våre.
-
Skarsteinsetra opp, 12. september!
Om du springe, syklar, går eller trillar er du velkommen til å delta på årets begivenhet Skarsteinsetra opp i Olden, arrangert av Olden Idrettslag.
-
Når Nils Vik legg ut på si siste reise
Teater Vestland tek Frode Grytten sin prisvinnande roman «Den dagen Nils Vik døde» til scena. Det blir ei forteljing om eit heilt liv, om kjærleik, menneskemøte og den siste reisa ut fjorden. Sjå framsyninga i Oppstryn 09.september eller i Aldaheim i Olden 10.september
-
Friluftslivets veke
Finn din tur, og bli med å feire norsk natur