-
Bli med som bøssebærar for TV-aksjonen!
Søndag 18. oktober går årets TV-aksjon av stabelen, der inntektene går til NRC Flyktninghjelpen under temaet «Saman for menneske på flukt»
God Jul!
Kjære alle i Stryn kommune, vi ønskjer dykk ei riktig god jul, og gledar oss til eit nytt og spennande 2023!Sjølv om Frivillegåret 2022 nærmar seg slutten, er dette berre starten på det vi håpar blir eit sterkt løft for frivillegheita i Stryn kommune framover.
Den frivillege innsatsen i Stryn kommune er allsidig, kreativ, omsorgsfull, samlande og begeistrande. Det er ingen tvil om at det frivillege livet i kommunen er bærebjelken i lokalsamfunnet vårt, og grunnmuren i all førebyggande og trivselsskapande innsats.
I 2023 ønskjer vi å bygge vidare på det gode samarbeidet som vi har, samt ta tak på nye og spennande prosjekt!
Vi oppfordrar alle lag og foreiningar til å ha so nyttårsforsett å nytte denne heimesida. Oppdater profilane dokkar med riktig kontaktperson og kontaktinformasjon, samt grunnleggande informasjon om di foreining. Bruk også kalendaren for å synleggjere aktiviteten som de kan tilby. Vi hjelper sjølvsagt alle som ønskjer det.
Juleklem frå Jannike Sunde og Marit Sandnes Skrede
(foto: Sigrid Heggestad, Fjordingen)
Del på:
-
Kva meiner du om reiselivet i Stryn?
Reiselivet skaper aktivitet, arbeidsplassar og gode opplevingar, men kan òg føre til utfordringar for naturen og lokalsamfunna våre.
-
Skarsteinsetra opp, 12. september!
Om du springe, syklar, går eller trillar er du velkommen til å delta på årets begivenhet Skarsteinsetra opp i Olden, arrangert av Olden Idrettslag.
-
Når Nils Vik legg ut på si siste reise
Teater Vestland tek Frode Grytten sin prisvinnande roman «Den dagen Nils Vik døde» til scena. Det blir ei forteljing om eit heilt liv, om kjærleik, menneskemøte og den siste reisa ut fjorden. Sjå framsyninga i Oppstryn 09.september eller i Aldaheim i Olden 10.september
-
Friluftslivets veke
Finn din tur, og bli med å feire norsk natur