-
Bli med som bøssebærar for TV-aksjonen!
Søndag 18. oktober går årets TV-aksjon av stabelen, der inntektene går til NRC Flyktninghjelpen under temaet «Saman for menneske på flukt»
Lokaltransport for ungdom (NB endring i takst)
No kan ungdom sjølv bestille drosje til rusfrie ungdomsarrangement!Stryn ungdomsråd har no vedteke nye retningslinjer for bruk av ordninga "Lokaltransport til ungdom"! Lokal transport for ungdom (LTU) skal gje ungdom høve til å delta på rusfrie ungdomsarrangement i Stryn kommune. Tilbodet gjeld alle dagar i veka, for ungdom mellom 13-19 år.
Ungdommane bestiller transporten sjølve, og tar kontakt med næraste taxisentral. De opplyser ved bestilling om at de ynskjer å nytta dykk av LTU i Stryn. De må oppgje kor mange de er, og kva reisa skal nyttast til.
Det må vere minimum to ungdommar som skal same retning, men det er ikkje eit krav at dei skal heim til same adresse. De må oppgje namn og telefonnummer ved bestilling. Går det buss i same tidsrom kan ein ikkje nytte dette tilbodet.
Eigenandel er 20 kr pr veg
Ved store arrangement oppmodar vi alle om å samordne seg ved bestilling av skyss, då potten til tranporttilskot er begrensa. Dersom ein veit på førehand at mange ungdommar skal på same arrangement, kan ein gje beskjed til jannike.sunde@stryn.kommune.no, for å bestille buss. Denne må tingast minimum 4 dagar før arrangementet. Vi ønskjer å kunne tilby transport for ungdom i heile 2023, men då må vi ha ei god organisering for bruk av taxi
Liste over eks på rusfrie arrangement som LTU kan nyttast til.
- Den store kinodagen
- Bygdekino
- Strynemessa
- Oldendagane/Utvikdagane/Innvik++
- Oktoberfest (for ungdom)
- Kino
- Open hall/Nattcafè
- Sykkelcamp i regi av kommunen
- Arrangement i regi av Stryn kommune (bibliotek, kulturskule og kulturhus)
- Kulturnatt
- UKM, og arrangement i regi av UKM
- Ungdomskonsertar som er rusfri
- Arrangement på Stryn skisenter
- Tilskuer idrettsarrangement Stryn kommune
Denne lista kan bli meir utfyllande etter kvart.
jannike.sunde@stryn.kommune.no eller maria.ulvedal@stryn.kommune.no
Ring næraste taxisentral:
Stryn Taxi: 57872350
Olden Taxi: 95086146
Innvik Taxi: 91101292
Del på:
-
Kva meiner du om reiselivet i Stryn?
Reiselivet skaper aktivitet, arbeidsplassar og gode opplevingar, men kan òg føre til utfordringar for naturen og lokalsamfunna våre.
-
Skarsteinsetra opp, 12. september!
Om du springe, syklar, går eller trillar er du velkommen til å delta på årets begivenhet Skarsteinsetra opp i Olden, arrangert av Olden Idrettslag.
-
Når Nils Vik legg ut på si siste reise
Teater Vestland tek Frode Grytten sin prisvinnande roman «Den dagen Nils Vik døde» til scena. Det blir ei forteljing om eit heilt liv, om kjærleik, menneskemøte og den siste reisa ut fjorden. Sjå framsyninga i Oppstryn 09.september eller i Aldaheim i Olden 10.september
-
Friluftslivets veke
Finn din tur, og bli med å feire norsk natur