FORENINGSPORTAL Foreninger i Stryn

Stryn kulturskule

I kulturskulen vår kan du lære å synge, spele piano, trekkspel, gitar, bassgitar, fele og trommer. I tillegg har vi grupper for messingblåsarar, saksofon, musikkproduksjon, teater, dans og visuell kunst. Nytt av året er vår kulturkarusell, som er eit introduksjonstilbod. Det kan óg dukke opp kortare kurs og helgakurs. Kulturskulen er open for alle mellom 6 og 100 år! Songelevar må vere 10 år for å byrje hjå oss, og born og unge blir prioritert.

Kulturskuleåret føl skuleåret og har ferie samstundes med skulane.  Hovudopptaket for neste skuleår er 1. mai, men vi tek alltid imot nye elevar så framt vi har ledig kapasitet. Undervisninga vår er for det meste rett etter skuletid og varer utover ettermiddagen, men vi har òg nokre tilbod i SFO-tida på tysdagar i Stryn. Vi har både små og store konsertar og kunstutstillingar som du kan delta på om du ynskjer.

Som elev hjå oss får du ein individuell undervisningstime på 20 minutt kvar veke på ditt instrument. Vi freistar å få til samspel på tvers av enkelttimane. Gruppetimane i dans, teater og kunst varer frå 45 minutt til 90 minutt. Kortare kurs og helgakurs kan også dukke opp - følg med på heimesida , Instagram og Facebook for informasjon.

Du finn kulturskulen vår på toppen av Stryn kulturhus. Vi underviser òg i Innvik, Olden, Oppstryn og Nordsida så framt vi har nok elevar der.

Kontaktinformasjon

 / 90750125

jon.are.steen@stryn.kommune.no

stryn.kommune.no/kulturskule

www.facebook.com/strynkulturskule

Besøksadresse
Tinggata 18

Postadresse

6783 Stryn

Andre opplysninger

Ant. medlemmer
0

Kategori
Kultur, musikk

Område
Stryn

Sist oppdatert
02.12.2022

Rediger med kode

Nyttige lenker

Kontakt

Sosiale media

2024 © Foreningsportal