FORENINGSPORTAL Foreninger i Stryn

Stryn kulturskule

I kulturskulen vår kan du lære å synge, spele piano, trekkspel, gitar, bassgitar, fele og trommer. I tillegg har vi grupper for aspirantar, DJ/Laptop, teater, dans og kunst. Det kan også dukke opp kortare kurs og helgakurs. Kulturskulen er open for alle mellom 6 og 100 år! Songelevar må vere 10 år for å byrje hjå oss, og born og unge blir prioritert.

Kulturskuleåret føl skuleåret og har ferie samstundes med skulane.  Hovudopptaket for neste skuleår er 1. mai, men vi tek alltid imot nye elevar så framt vi har ledig kapasitet. Undervisninga vår byrjar rett etter skuletid og varer utover ettermiddagen. Vi har både små og store konsertar og kunstutstillingar som du kan delta på om du ynskjer.

Som elev hjå oss får du ein individuell undervisningstime på 20 minutt kvar veke på ditt instrument. Vi freistar å få til samspel på tvers av enkelttimane. Gruppetimane i dans, teater og kunst varer frå 45 minutt til 90 minutt. Kortare kurs og helgakurs kan også dukke opp - følg med her på heimesida og Facebook for informasjon.

Du finn kulturskulen vår på toppen av Stryn kulturhus. Vi underviser også i Innvik, Olden, Oppstryn og Nordsida så framt vi har nok elevar der.

Kontaktinformasjon

 / 907 50 125

Jon.Are.Steen@stryn.kommune.no

Besøksadresse

Postadresse

 

Andre opplysninger

Org.nummer

Stiftet dato

Ant. medlemmer
0

Vipps-nummer

Kategori
Kultur, musikk

Område
Stryn

Stikkord

Sist oppdatert
13.05.2022

Rediger med kode

Nyttige lenker

Kontakt

Sosiale media

2022 © Foreningsportal