FORENINGSPORTAL Foreninger i Stryn

Stryn bibliotek

Ein stad å oppleve, ein stad å vere, ein stad å låne, lese og lære.

Stryn bibliotek er eit kombinasjonsbibliotek. Det er folkebibliotek for Stryn kommune og skulebibliotek for Stryn vidaregåande skule. Biblioteket ligg godt plassert i sentrum, på bakkeplan, i lokala til Stryn vidaregåande skule. 

Biblioteket er eit meirope bibliotek, dvs. at du kan bruke lånekortet ditt til å låse deg inn på biblioteket frå kl. 7 - 23 kvar dag heile året.

Biblioteket skal vere ein god plass å vere. Bruk biblioteket når du skal gjere skulearbeid eller når du har behov for å kople av, lese, møte vener eller berre vere åleine.

Lån frå samlinga vår med over 20 000 bøker, filmar, cd-ar, magasin og anna materiell. Det er gratis å bruke trådlaust nett, pc-ar og anna verktøy. Du betalar kun når du skriv ut eller kopierar. 

Biblioteket er ein møteplass der du kan oppleve alt ifrå verkstadar og debattar til forfattarmøte, teater og konsertar. 

Du kan få nasjonalt lånekort som gjev deg tilgang til digitale ressursar og til å nytte tenestene til andre bibliotek i landet. 


Opningstider:

Måndag: 10 - 16

Tysdag: 10 - 16

Onsdag: 10 - 16

Torsdag: 10 - 20

Fredag: 10 - 16

Laurdag: 11 - 14

Kalender(viser inntil 20 oppføringer

Kommende Tidligere
Dato Kl. Tittel Sted
21.09.2026 16:00 BPA-kafe på Stryn bibliotek Stryn bibliotek
24.09.2026 18:00 Språkkafe Stryn bibliotek
26.09.2026 12:00 Familielaurdag Stryn bibliotek
28.09.2026 11:00 Digitalt arrangement: Sjakkens historie med Torstein Bae Stryn bibliotek
01.10.2026 19:00 Torsdagskringla: Forfattarmøte med Margaret Heldor Stryn bibliotek
12.10.2026 11:00 Digitalt foredrag om KI, demokrati og sosiale medium Stryn bibliotek
22.10.2026 18:00 Språkkafe Stryn bibliotek
26.10.2026 11:00 Digitalt foredrag: Dei to verdskrigane med Arnt Stefansen Stryn bibliotek
31.10.2026 12:00 Familielaurdag – Halloween Stryn bibliotek
09.11.2026 11:00 Digitalt arrangement: Forfattersamtale om den langsame tryggleiken Stryn bibliotek
23.11.2026 11:00 Digitalt foredrag: Storbritannia på 45 minutt Stryn bibliotek
26.11.2026 18:00 Språkkafe Stryn bibliotek
28.11.2026 12:00 Familielaurdag: Juleverkstad Stryn bibliotek
07.12.2026 11:00 Digitalt foredrag: Då imperiet fall – ei historisk reise gjennom Austerrike Stryn bibliotek
14.12.2026 11:00 Digitalt arrangement: Det delte Tyskland Stryn bibliotek

Fritidsaktiviteter

Lesing

Kontaktinformasjon

992 82 576 / 57874880

postmottak.bib@stryn.kommune.no

strynbibliotek.no/-150052868375244

www.facebook.com/Stryn-bibliotek

Kristin Hatledal

Besøksadresse
Hegrevegen 1

Postadresse
Postboks 355
6782 Stryn

Andre opplysninger

Vipps-nummer
688817

Kategori
Kultur

Område
Stryn

Stikkord
Bøker, data, lesegrupper, lesing, språkkafe, hobby.

Sist oppdatert
04.11.2025

Rediger med kode

Nyttige lenker

Kontakt

Sosiale media

2026 © Foreningsportal