FORENINGSPORTAL Foreninger i Stryn

Stryn Musikklag

Stryn Musikklag vart skipa i 1897, og er eit janitsjarkorps heimehøyrande i Stryn. For tida er vi i underkant av førti medlemmer, og har eit godt sosialt miljø. Vi øver kvar mandag kveld i Stryn Kulturhus, og ønskjer gamle og nye musikantar velkomne til å bli med!

Stryn Musikklag (SML) øver i kultursalen i Stryn Kulturhus kvar mandag kveld frå klokka 1900 til klokka 2130. Pause med kaffi, ofte noko attåt, og sosialt om lag halvvegs i øvinga. Vi har "sesong" frå rett etter skulestart i august til om lag skuleslutt i juni. Kvart semester lager vi til eit sosialt arrangement sjølve eller deltek på noko kjekt saman med andre. 

SML har janitsjarbesetning. Dette vil seie at vi har både treblåseinstrument, messingblåseinstrument og slagverk/perkusjon i orkesteret vårt. Nokre medlemmer speler på eige eller eigne instrument, andre speler på musikklaget sine eller andre lånte instrument.

Har du lyst å prøve noko nytt, eller ta opp att spelinga du heldt på med som ung, er det berre å høyre med oss. Vi prøver etter beste evne å finne instrument dersom du ikkje har tilgang til noko sjølv.

Repertoaret vårt er variert. Vi speler polka, Bayern- og Egerländermusikk til Oktoberfesten, julerepertoar til julespeling og julekonsert, og marsjer og tradisjonelle nasjonale songar til 17. mai. Ut over dette varierer det frå år til år kva andre prosjekt og konsertarrangement vi lager til eller deltar på. Vi har arrangert konsertar og prosjekt med alt frå lokale artistar og lokale kor, til konsertar med innleigde, kjende artistar eller andre tilreisande musikarar eller orkester opp gjennom åra vi har heldt på.

Vi prøver å strekke oss og utfordre oss med å spele ting som er bittelitt vanskelegare enn det vi klarer å "ta på sparket". Samtidig har vi og enklare stykker, og vi er mange som "ikkje speler alt" som står skrive på notearka... Vi har som regel prøvd å alltid ha norsk eller nordisk musikk mellom stykka vi øver på. Før større konsertprosjekt har vi øvingshelg/seminarhelg med intensiv speling og øving.

Dirigenten vår er Inge Starheim Ytrehus, ein dyktig tubaist, dirigent og korpsleiar utdanna ved Griegakademiet.

Kalender(viser inntil 20 oppføringer

Kommende Tidligere
Dato Kl. Tittel Sted
12.10.2026 19:00 Øving Stryn musikklag Stryn kulturhus
19.10.2026 19:00 Øving Stryn musikklag Stryn kulturhus
26.10.2026 19:00 Øving Stryn musikklag Stryn kulturhus
02.11.2026 19:00 Øving Stryn musikklag Stryn kulturhus
08.11.2026 14:00 Basar og konsert Stryn Kulturhus
09.11.2026 19:00 Øving Stryn musikklag Stryn kulturhus
16.11.2026 19:00 Øving Stryn musikklag Stryn kulturhus
23.11.2026 19:00 Øving Stryn musikklag Stryn kulturhus
30.11.2026 19:00 Øving Stryn musikklag Stryn kulturhus
07.12.2026 19:00 Øving Stryn musikklag Stryn kulturhus
14.12.2026 19:00 Øving Stryn musikklag Stryn kulturhus
21.12.2026 19:00 Øving Stryn musikklag Stryn kulturhus
28.12.2026 19:00 Øving Stryn musikklag Stryn kulturhus
04.01.2027 19:00 Øving Stryn musikklag Stryn kulturhus
11.01.2027 19:00 Øving Stryn musikklag Stryn kulturhus
18.01.2027 19:00 Øving Stryn musikklag Stryn kulturhus
25.01.2027 19:00 Øving Stryn musikklag Stryn kulturhus
01.02.2027 19:00 Øving Stryn musikklag Stryn kulturhus
08.02.2027 19:00 Øving Stryn musikklag Stryn kulturhus
13.02.2027 Jubileumskonsert Stryn Kulturhus

Fritidsaktiviteter

Musikk
Korps

Kontaktinformasjon

 / 41637369

strynmusikklag@gmail.com

facebook.com/strynmusikklag

Bente Wåla Hjelle

Besøksadresse
Stryn Kulturhus

Postadresse
Postboks 62
6781 Stryn

Andre opplysninger

Org.nummer
989632108

Stiftet dato
31.12.1897

Ant. medlemmer
37

Vipps-nummer
92502

Kategori
Musikk

Område
Stryn

Sist oppdatert
25.03.2026

Rediger med kode

Nyttige lenker

Kontakt

Sosiale media

2026 © Foreningsportal