
Voksne for barn - Indre Nordfjord Lokallag
Voksne for barn er ein ideell medlemsorganisasjon som jobbar for god psykisk helse og trygge oppvekstvilkår for alle barn. Organisasjonen har lokallag rundt om i heile Norge. Voksne for barn-indre Nordfjord er eit av desse lokallaga. Vi jobbar etter same retningslinjene som VFB sentralt. Meir informasjon om VFB er å finne på www.vfb.no. VFB - indre Nordfjord dekker kommunane Stryn, Volda, Stad og Gloppen. Lokallaget har eige styre og jobbar aktivt med saker i lokallmiljøet. Medlemmene melder seg inn i vfb sentralt, men vert registrert i lokallaget og kontakta av styret i VFB-indre Nordfjord når dei melder seg inn. Det er mange typer medlemskap. Ein kan velge mellom å vere privat- eller bedriftsmedlem, frivillig og det er høve å gje gaver. Prisen for privatmedlemskap er kr 195,00 per år. For student/pensjonist/trygda kr 100,00 pr år. For bedrifter kostar det kr 590,00 per år.Lokallaget i Voksne for barn fortset å arrangere Møteplass for familier våren 2025.
Dette er ein uformell møteplass for familier som har lyst å møte andre familier til sosialt samvær, leik og aktivitet. Vi møtest kvar siste søndag i måneden (hovudregel) i Stryn sentrum ein plass. Aktivitetane varierer og vi er både inne og ute gjennom året.
Tilbodet er gratis og uforpliktande. Følg FB-sida til Voksne for barn-indre Nordfjord for meir informasjon om arrangement og nyhende. Velkomne til alle!
Kalender
Dato | Kl. | Tittel | Sted |
---|---|---|---|
27.04.2025 | 12:00 | Møteplass familier | Oppmøte ved Speiderhuset kl 11.00 og Kulturhusparken kl 12.00 |
25.05.2025 | 12:00 | Møteplass familier | Stryn stadion |