FORENINGSPORTAL Foreninger i Stryn

Oppsummering frå møtene

Etter 5 møter med frivillege lag og organisasjonar, har vi laga ei oppsummering av tilbakemeldingane vi fekk. 46 personar møtte på denne turneen. Det var eit stort engasjement på alle møtene, og vi har fått nyttige tilbakemeldinger på korleis de som engasjerte sambygdingar har det, og korleis de tenker frivillighet.

Vi opplevde at det var interesse for å få til eit dokument om frivillegpolitikk som vi kan sende til Stryn kommune. 

Å få til ei fritidsmesse eller ein fritidsfest slik at vi får synleggjere arbeidet og gleda det er å tilhøyre ein organisasjon og eit felleskap. Det skal vere ein dag for motivasjon, fagleg påfyll og inspirasjon, samt å bli kjent med kvarandre. Markedsføring av eigne organisasjonar er viktig, møte andre og bli inspirert likeså. 

Vi er svært glade for at tilbakemelding på www.istryn.no vart så god. 

Vi trur at nettsida kan bidra både med rekruttering og oppmøte på aktivitetar, då er det viktig at kvart lag har sin eigen profil som ein oppdaterer jamleg. Denne sida kjem ikkje i konkurranse med lokale variantar. Istryn.no er meint som ei samordningskanal og ein reiskap for rekruttering slik at folk kan få med seg kva som skjer i bygda og i andre bygder. Her kjem det også nyhender og tips som kan vere nyttige for lag og foreiningar, så vi oppfordrar alle til å følgje med på sida. 

Det er planlagt ei nettbasert opplæring for nettsida. Ein kan også ta kontakt for å få rettleiing på epost. Har du ikkje fått koden til di foreining endå? Ta kontakt med oss.


Vi fekk også tilbakemeldingar om nokre utfordringar som alle bygdelag opplever. Vi samlar dei på ei liste her og saman kan vi jobbe for å løyse dei.


UTFORDRINGAR:

  • Alle stader vi har vore, har digital utanforskap vore løfta fram som eit problem. Det er svært leit at mange menneske her vi bur, ikkje får med seg aktivitetar fordi informasjonen gjerne ligg på internett. Å få gjort noko med dette tar tid og menneskelige ressursar. 
  • Ei anna utfordring som blir drege fram er at det ikkje er tomter tilrettelagt for bygging. Dersom ein vil ha tilflytting eller tilbakeflytting må også bygdene utanfor sentrum ha byggeklare tomter. 
  • Vi er alle opptatt av at levande bygder er der folk vil halde fram med å bu, der folk vil kome tilbake å busetje seg, og der folk har lyst å flytte til. Stryn kommune hadde i 2021 den største tilflyttinga i Nordfjord. Då må folk få busette seg der dei vil i heile kommunen. 
  • Dei fleste bygdene kjenner på at sentrum blir prioritert. Ein føler at ein ikkje blir høyrt når ein prøvar å utvikle noko. Kjensla av at det er lenger frå sentrum til andre bygder enn det er andre vegen er vond å kjenne på. 
  • Når noko blir arrangert langt unna sentrum, må ein ofte skrive artiklene sjølve og sende til lokalavisa. 
  • Fleire organisajonar opplever at det er vanskeleg å søke midlar. Driftsmidlar er utfordrande å få, berre til prosjekt og aktivitetar. 
  • Reglar og søknadar er ein bremd for engasjement. Berre det å skulle bygge ein enkel gapahuk er komplisert. 
  • Tilskuddsportalen er bra, men ofte treng ein hjelp til søknadsprosessen.
  • Fleire stadar vart det lagt vekt på at det blir brukt mange pengar på å få folk til å flytte tilbake til kommunen. Kva med å ha litt fokus på dei som har valt å bu her før dei flyttar? 
  • Inkludering var tema på alle plassane. Alle veit at der er eit stort arbeid å gjere for å få til dette. Informasjon er viktig her. 
  • Nokre stader kjenner ein på at idretten blir prioritert med kommunale midlar. 
  • Nokre bygder har store avstander. Det er også for dårleg offentlig transport slik at ein kan kome seg til sentrum om det skjer noko. 
  • Korleis rekruttere nye medlemmar? Er vi gode nok på å marknadsføre oss? 



DET GODE LIV PÅ BYGDA

Vårt inntrykk etter møtene vi har hatt, er at det er fleire likskapar enn skilnader mellom bygdene. Mange tankar og utfordringar var likt. Det same kan vi seie om engasjementet og driven, både frå eldsjeler og organisasjonane. Mange av bygdene løfta einskildpersonar som uvurderlege bidragsytarar for bygda si. Ein annan fellesnemnar er at dei som kom på møta er utruleg stolte av, og glade i lokalmiljøet sitt og vil kjempe og engasjere seg for levande bygder. 

Fleire stadar nemnde at tilflyttarane også er flinke til å finne på aktivitetar og tar initiativ til sosiale møteplassar som bidreg til bygda. 

Det er masse som skjer. Treningar, klubbemiddagar, basarar, musikkonsertar, informasjons- og utviklingsmøter. Mange dreg fram at samarbeid på tvers av organisasjonar er viktig.  Dette kan vere ei løysing då ein har ulik kompetanse og interesser. Andre tenker også at det finnes mange like lag og foreiningar, som kunne hatt dei same medlemmane, kan ein slå seg i hop, eller spesifisere seg i ulike retningar? Kommunikasjon og samarbeid kan gje stor vinning. 

Fleire ville ha ein stad der ein kunne henvende seg dersom det oppstod eit problem, eller ein treng hjelp. Frivilligsentralen kan vere ein slik stad og ha sentralen i ei koordinerande rolle.

Sjølv om mange aktivitetar har avgrensa målgrupper, må vi hugse å tenke utanfor boksen når det gjeld bidragsytarar. Silotenkning er ei klassisk felle i dei fleste organisasjonar. Mange fortalde erfaringar med at i dei organisasjonane ein krysser generasjonar og livserfaringar, er det mykje engasjement.   

«Eg veit ikkje om alle forstår kor godt det er å vere frivilleg», vart sagt på eit av møtene vi var på. 

Den samfunnsnyttige nytta av frivilligheit er ikkje målbar. Dugnad og frivillegheit har ein eigenverdi og er viktig for den enkelte, grupper og samfunnet som heilskap. I krisetider vert det spesielt synleg at desse miljøa evnar å mobilisere til kreativ omstilling og styrke samhald. 

Frivilligheita er ikkje eit supplement til offentleg verksemd. Ho er ein grunnleggjande del av livet og verket til menneska, og eit fundament i eit godt samfunn. Samarbeid med kommune, næringsliv og andre, tilrettelegging og tilskotsordningar er viktige verkemiddel for å styrke ei aktiv og berekraftig frivilligheit. Skal frivilligheita vekse og nå sitt fulle potensiale, er det naudsynt å støtte opp om skaparkrafta i det enkelte menneske og foreining.

Vi tar framleis i mot fleire tilbakemeldingar frå lag og organisasjonar på kva som oppleves som utfordrande/ vanskeleg/inspirerande/ fantastisk med å vere frivillig i kommunen vår. Det gjeld både de som var med på møtene våre, og de som ikkje hadde anledning til å kome. 

Vi kan nås på epost: post@frivilligstryn.no eller jannike.sunde@stryn.kommune.no

Og hugs å følgje med på www.istryn.no når vi legg ut nyhender knytt til frivillegheitsarbeidet.



Helsing Marit og Jannike

Flere dokumenter

Frivillegfestival i Nordfjord- onsdag 22.juni!

Her blir det aktivitetar, god mat og herlige møte mellom mennesker, lag og organisasjonar! Eksersisplassen 15.00-17.30

Nasjonal rapport om rekruttering til frivillegheit

Frivilleghet Norge har utarbeida ein rapport om auka deltaking, rekruttering og mangfald i det frivillege samfunnslivet.

Ny tilskotsordning til mangfold- og inkluderingstiltak i idrett og fysisk aktivitet

Lotteri- og stiftelsestilsynet forvaltar ei ny tilskotsordning som skal legge til rette for auka deltaking i idrett og fysisk aktivitet for alle barn og unge. Du kan også søkje tilskot til prosjekt eller eingangsutgifter. Det er opna for søknadar og søknadsfristen er 13. juni kl. 13.00.

Opplev Friluftsskulen i Stryn og Innvik i sommar!

Fjordane Friluftsråd arrangerar Friluftsskulen som er eit aktivitetsopplegg for born og unge i alderen 9-13 år. Vi vil inspirere til at born og unge får eit nært og godt forhold til naturen. Gjennom ulike aktiviteter, ferdsel og opplevingar ynskjer vi å gje dei ei forståing av naturen sin eigenart og tålegrenser.

Oppsummering frå møtene

Etter 5 møter med frivillege lag og organisasjonar, har vi laga ei oppsummering av tilbakemeldingane vi fekk. 46 personar møtte på denne turneen. Det var eit stort engasjement på alle møtene, og vi har fått nyttige tilbakemeldinger på korleis de som engasjerte sambygdingar har det, og korleis de tenker frivillighet.

Røde kors arrangerer kurs for inkludering av flyktningar

Bli flyktningguide! Delta på Røde Kors flyktningguide-kurs torsdag 09.juni kl 18-21 i lokala til Stryn vaksenopplæring.

Vestland fylkeskommune inviterar til frivilligkonferansen 18.juni

Korleis få auka deltaking, fleire deltakarar, frivillige og medlemer? Vestland fylkeskommune inviterar til konferanse i Sogndal! Bli inspirert. Bli utfordra. Bli med på Frivilligkonferansen Vestland i Sogndal 18. juni

Nyttige lenker

Kontakt

Sosiale media

2022 © Foreningsportal