FORENINGSPORTAL Foreninger i Stryn

Opplev Friluftsskulen i Stryn og Innvik i sommar!

Fjordane Friluftsråd arrangerar Friluftsskulen som er eit aktivitetsopplegg for born og unge i alderen 9-13 år. Vi vil inspirere til at born og unge får eit nært og godt forhold til naturen. Gjennom ulike aktiviteter, ferdsel og opplevingar ynskjer vi å gje dei ei forståing av naturen sin eigenart og tålegrenser.

Stryn Leirskule/Hydla klatrepark 28. – 30. juni

Dag 1: Oppmøte på den store parkeringsplassen langs elva på Øyravegen (på andre sida av elva for Nordfjord Caravan) kl 9, bli-kjend-leikar og orientering med kart og kompass, buss til Hydla klatrepark, buss tilbake og avslutning ved oppmøtestad.

Dag 2 : Oppmøte kl 9 ved same parkeringsplass langs elva ved Øyravegen, buss til Stryn Leirskule her kan vi plukke opp deltakarar på vegen, allemannsretten, leik og leiroppsett.

Dag 3 : Tur til Ulvedalsstøylen. Oppsummering og avslutning. Buss tilbake til Stryn (parkeringsplassen ved Øyravegen). Her kan deltakarar som bur langs vegen gå av før Stryn.

Pris: Påmeldingsavgifta er 950,-

PÅMELDINGSFRIST 21. juni 2022

Meld deg på her

nnvik 22. – 24. juli

Dag 1: Oppmøte ved moloen Gamlebryggja (ca 230m nord for Matkroken i Innvik) kl 9, tur med Olden Active, RIB, kajakk, krepseteiner og mat. Tilbake i Innvik til kl 15.

Dag 2 : Oppmøte kl 9 ved Skogstad Innvik, tur til Lyslostøylen med orientering og øving i bruk av kart og kompass. Setje opp leir, leik, og matlaging.

Dag 3 : Pakke saman leir, allemannsretten, samarbeidsaktivitetar og retur til Skogstad Innvik. Oppsummering og avslutning.

Pris: Påmeldingsavgifta er 950,-

PÅMELDINGSFRIST 15. juli 2022

meld deg på her

Tidsmessige og praktiske rammer:
Friluftsskulen er eit dagstilbod for born og unge i kommunen og vil foregå i ulike naturmiljø. Over lengre avstandar nyttar vi buss for å kome til dei ulike lokalitetane. Friluftsskulen har gjennomgåande tre hovudtema i undervisningsopplegget. Det er fokus på dei rettar og pliktar som er nedfelt i allemannsretten. Vidare er det lagt vekt på kunnskap om orientering og bruk av kart og kompass på land og på sjøen, og korleis ein finn, lagar og ter seg på ein raste- og leirplass.
Undervisninga startar kl 9 og sluttar kl 15 den fyrste dagen. Dag 2 startar vi kl 9 og overnattar til dag 3. Dag 3 avsluttar vi kl 15. På overnatting der ein kan velje mellom telt, lavvo og hengekøye. Det er frivillig om ein ynskjer å overnatte.

Dagsplanar og innhaldet i undervisninga:
Friluftsskulen i år har plass til 20 deltakarar. Stort sett vil undervisninga føregå samla, men ved enkelte høve vil vi dele deltakarane i mindre grupper. Vi veit at verforholda på Vestlandet er skiftande og vind og nedbør kan kome med jamne mellomrom. Dagsprogramma er fleksible slik at vi kan endre og ha alternative løysingar dersom vertilhøva vert for vanskelege.

Matstell:
Deltakarane tek med seg nistepakke og noko å drikke til formiddagsmat/lunsj dei fyrste to dagane. Arrangøren syter for felles middag kvar dag. Ta med vaskbar kopp, fat og bestikk i plast eller tre (ikkje eingongs).

Alle må ha ein dagstursekk. Skikkelege fjellsko er heilt nødvendig for ferdsel i utmark.

Ei lita hugseliste over kva borna må ha med seg:
Sovepose
Liggeunderlag
Støvlar/fjellsko
Tursekk
Badetøy
Handkle
Toalettsaker
Ullundertøy
Mygghette/middel
Badesko/crocs
Drikkeflaske med vatn
Eventuelt; Fiskestang

Klesskift (Det er nok med 1 ekstra bukse, 1 ekstra genser, 1 t-skjorte, 2-3 par sokker og undertøy. Ein varm genser, vindjakke og pannebånd/lue. Samt noko å sove i, gjerne ull,- det kan vere kaldt om natta.) Dette tek du med i dagstursekken: Drikke, vindtett ytterplagg, gensar, lite sitjeunderlag, ekstra T-skjorte, underbukse, strømper og sokkar. Ta med badetøy solbriller og evt. solkrem. Dersom det er meldt regn, regntøy.

Maks 20 barn så her er det er fyrste mann til mølla! Påmeldinga er bindande.

Foreldre er også hjarteleg velkomne til å vere med. Vi tek atterhald om å kansellere friluftsskular dersom det vert for få påmelde.

Ta gjerne kontakt med Anna Kobbeltvedt om du har spørsmål 😊
Telefon : 92 68 29 17 E-post: anna@friluftsrad.no

Flere dokumenter

Frivillegfestival i Nordfjord- onsdag 22.juni!

Her blir det aktivitetar, god mat og herlige møte mellom mennesker, lag og organisasjonar! Eksersisplassen 15.00-17.30

Nasjonal rapport om rekruttering til frivillegheit

Frivilleghet Norge har utarbeida ein rapport om auka deltaking, rekruttering og mangfald i det frivillege samfunnslivet.

Ny tilskotsordning til mangfold- og inkluderingstiltak i idrett og fysisk aktivitet

Lotteri- og stiftelsestilsynet forvaltar ei ny tilskotsordning som skal legge til rette for auka deltaking i idrett og fysisk aktivitet for alle barn og unge. Du kan også søkje tilskot til prosjekt eller eingangsutgifter. Det er opna for søknadar og søknadsfristen er 13. juni kl. 13.00.

Opplev Friluftsskulen i Stryn og Innvik i sommar!

Fjordane Friluftsråd arrangerar Friluftsskulen som er eit aktivitetsopplegg for born og unge i alderen 9-13 år. Vi vil inspirere til at born og unge får eit nært og godt forhold til naturen. Gjennom ulike aktiviteter, ferdsel og opplevingar ynskjer vi å gje dei ei forståing av naturen sin eigenart og tålegrenser.

Oppsummering frå møtene

Etter 5 møter med frivillege lag og organisasjonar, har vi laga ei oppsummering av tilbakemeldingane vi fekk. 46 personar møtte på denne turneen. Det var eit stort engasjement på alle møtene, og vi har fått nyttige tilbakemeldinger på korleis de som engasjerte sambygdingar har det, og korleis de tenker frivillighet.

Røde kors arrangerer kurs for inkludering av flyktningar

Bli flyktningguide! Delta på Røde Kors flyktningguide-kurs torsdag 09.juni kl 18-21 i lokala til Stryn vaksenopplæring.

Vestland fylkeskommune inviterar til frivilligkonferansen 18.juni

Korleis få auka deltaking, fleire deltakarar, frivillige og medlemer? Vestland fylkeskommune inviterar til konferanse i Sogndal! Bli inspirert. Bli utfordra. Bli med på Frivilligkonferansen Vestland i Sogndal 18. juni

Nyttige lenker

Kontakt

Sosiale media

2022 © Foreningsportal