FORENINGSPORTAL Foreninger i Stryn

Forslag til kandidat til Kulturprisen eller Ungdommens kulturstipend?

Stryn kommune ønskjer forslag til kandidatar som fortener Kulturprisen eller Ungdommens kulturstipend for 2022. Framlegga skal sendast skriftleg med grunngjeving til postmottak@stryn.kommune.no Frist for å sende inn forslag: 15. oktober.


Kulturprisen 2022

Stryn kommune kan kvart år dele ut ein kulturpris. Føremålet med prisen er å stimulere lokalt kulturarbeid, samt at prisen skal vere ein heider og takk til ein person, organisasjon/ lag som gjer, eller har gjort, ein stor innsats på fritida for kulturarbeidet i Stryn kommune.

Kulturprisen kan gjevast til personar, lag og organisasjonar som:

• Er busett i Stryn kommune eller har nær tilknyting til kommunen

• Viser evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats utover det vanlege

• Har talent, viser kreativitet og evne til kulturell nyskaping

Retningsliner for tildeling av kulturpris i Stryn kommune (PDF, 339 kB)

 

Ungdommens kulturstipend 2022

Stryn kommune kan kvart år dele ut kulturstipend til ein ungdom frå kommunen som har synt at ho/ han fortener karakteristikken lovande innan kulturfeltet.

• Kulturstipendet kan tildelast ein talentfull ungdom i utvikling. Talentet bør sjåast i høve til nasjonalt, ev. internasjonalt nivå innafor det utvida kulturomgrepet.

• Kandidaten må vere busett i Stryn kommune eller ha ei nær tilknyting til kommunen.

Kulturstipendet skal vere stimulerande og motiverande til vidare satsing og utvikling av talentet til den som får det.

Retningsliner for tildeling av ungdommens kulturstipend i Stryn kommune (PDF, 341 kB)


Flere dokumenter

Bufdir: Tilskudd til inkludering av barn og unge

No kan du søke Bufdir om midlar gjennom «Tilskudd til inkludering av barn og unge» for 2023! Målet med tilskotsordninga er å legge til rette for at alle born og unge skal ha moglegheit til meistring og samfunnsdeltaking. Tilskuddsordninga skal bidra til utvikling av opne møteplasser, deltaking på ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp. Målgruppa er born og unge i alderen 0 til og med 24 år. Offentlege instansar, private aktørar og frivillege organisasjoner kan søke om midlar, og søknadsfristen for tilskotsåret 2023 er 18.november 2022.

Drømmestipendet 2022

Drømmestipendet er eit samarbeidsprosjekt mellom Norsk kulturskoleråd og Norsk Tipping. Stipendet skal gje verdifull inspirasjon og anerkjenning, og bidra til at mange unge kunst- og kulturutøvere får oppfylt sine draumar. Stipendordninga skal også bidra til å synliggjere kommunane sitt arbeid for unge kunst- og kulturutøvere. Søknadsportalen for Drømmestipendet 2023 åpnet 15. september og er åpen til 15. november 2022, kl. 12.00.

Forslag til kandidat til Kulturprisen eller Ungdommens kulturstipend?

Stryn kommune ønskjer forslag til kandidatar som fortener Kulturprisen eller Ungdommens kulturstipend for 2022. Framlegga skal sendast skriftleg med grunngjeving til postmottak@stryn.kommune.no Frist for å sende inn forslag: 15. oktober.

Frivilligprisen Vestland 2022

Frivilligprisen Vestland skal delast ut for første gong i 2022. Du kan nominere kandidatar fram til 15. september. Frivilligprisen er på 50 000 kroner og skal brukast innan frivilligfeltet. Prisvinnaren avgjer kvar. Frivilligprisen blir delt ut på Kulturkonferansen Vestland i november.

Fylkeskommunen opnar vidaregåande skular for elevar og frivillig sektor

Voss Gymnas blir skuleåret 2022/23 pilotskule for ei ordning med open skule og gratis utlån til frivillige organisasjonar. Målet er ei permanent ordning ved alle vidaregåande skular frå hausten 2024.

Hald av datoen- 1. oktober

Laurdag 1. oktober feirar vi frivillegheita i kommunen vår, i Stryn kulturhus!

Høgskulen i Vestland kjem til Stryn

Korleis utvikle sterke lokalsamfunn?

Inkluderende rekruttering av frivillige- 24.aug digitalt kurs

2022 og Frivillighetens år er offisielt i gang! Mange frivillige organisasjoner trenger flere frivillige i tiden som kommer. Hvordan kan digitale verktøy og en god plan for rekruttering bidra til at vi når nye folk, og at flere melder seg som frivillige både i løpet av de neste ukene og i årene som kommer?

kurs for frivillege og eldsjeler i Stryn

Den 1.oktober er det tid for påfyll og inspirasjon for alle våre frivillege, og dei som er nysgjerrige på det frivillege arbeidet som skjer i kommunen. Vi får blant anna besøk av Tilskuddsportalen til Stryn Kulturhus

Nordfjord frivillegfestival- onsdag 22.juni!

Her blir det aktivitetar, god mat og herlige møte mellom mennesker, lag og organisasjonar! Eksersisplassen 15.00-17.30

Ny tilskotsordning til mangfold- og inkluderingstiltak i idrett og fysisk aktivitet

Lotteri- og stiftelsestilsynet forvaltar ei ny tilskotsordning som skal legge til rette for auka deltaking i idrett og fysisk aktivitet for alle barn og unge. Du kan også søkje tilskot til prosjekt eller eingangsutgifter. Det er opna for søknadar og søknadsfristen er 13. juni kl. 13.00.

Opplev Friluftsskulen i Stryn og Innvik i sommar!

Fjordane Friluftsråd arrangerar Friluftsskulen som er eit aktivitetsopplegg for born og unge i alderen 9-13 år. Vi vil inspirere til at born og unge får eit nært og godt forhold til naturen. Gjennom ulike aktiviteter, ferdsel og opplevingar ynskjer vi å gje dei ei forståing av naturen sin eigenart og tålegrenser.

Oppsummering frå møtene

Etter 5 møter med frivillege lag og organisasjonar, har vi laga ei oppsummering av tilbakemeldingane vi fekk. 46 personar møtte på denne turneen. Det var eit stort engasjement på alle møtene, og vi har fått nyttige tilbakemeldinger på korleis de som engasjerte sambygdingar har det, og korleis de tenker frivillighet.

Rapport om rekruttering til frivillegheit

Frivilleghet Norge har utarbeida ein rapport om auka deltaking, rekruttering og mangfald i det frivillege samfunnslivet.

Røde kors arrangerer kurs for inkludering av flyktningar

Bli flyktningguide! Delta på Røde Kors flyktningguide-kurs torsdag 09.juni kl 18-21 i lokala til Stryn vaksenopplæring.

Vestland fylkeskommune inviterar til frivilligkonferansen 18.juni

Korleis få auka deltaking, fleire deltakarar, frivillige og medlemer? Vestland fylkeskommune inviterar til konferanse i Sogndal! Bli inspirert. Bli utfordra. Bli med på Frivilligkonferansen Vestland i Sogndal 18. juni

«Snu motgang til medgang», eit foredrag frå Marius Løken

Marius overlevde det omtala Halloween-drapet i 2011, og hendinga er grunnlaget i Marius si fortelling om vegen tilbake. Han kom seg på beina etter 20 knivstikk og eit liv som vart totalt endra.

Nyttige lenker

Kontakt

Sosiale media

2022 © Foreningsportal