FORENINGSPORTAL Foreninger i Stryn

Vinterferien i Stryn kommune

Neste veke er det vinterferie i store delar av landet, også i Stryn. Vi har forsøkt å samle noko av det som skjer komande veke:

Biblioteket i Stryn er ope kvar dag denne veka!

På biblioteket er det ein aktivitet kvar dag i vinterferien.

Laurdag 17. februar, kl. 12, blir det Samisk barneframsyning med Mari Helander og Anne Lise Johnsen Swart.

Måndag 19. februar, kl. 12-14, lagar vi til perleverkstad.

Tysdag 20. februar, kl. 12, viser vi filmen Operasjon søsken. Filmen høver frå seks år.

Onsdag 21. februar, kl. 12-14, blir det bokmerkeverkstad

Torsdag 22. februar, kl. 12-14, blir det kortverkstad og kl. 19 blir det foredrag om Harastølen med Oddrun Midtbø

Fredag 23. februar, kl. 12, viser vi filmen The secret gardenFilmen høver frå ni år.

Laurdag 24. februar, kl. 12-14, er det Familielaurdag på biblioteket


Alle arrangementa er gratis! 


 
 

På Stryn kulturhus kan du bade og sjå film!

Neste veke er det vinterferie og Stryn kulturhus har ope som normalt. Symjehallen får utvida opningstider, den opner kl. 14.00 onsdag til fredag i staden for 16.00. Det vert og kino kvar dag kl. 13.00 i tillegg til dei vanlege tidene våre!

Velkommen innom!



Ta turen til Hoven i ferien!

Vinterferie i Loen byr på noko for alle aldrar. Loen Skylift og Hoven Restaurant held ope dagleg heile veke 8 og 9. Norges lengste akebakke er nypreparert, besøk iglooen vår eller bli med på ein av arrangementa på Hoven!

16. feb. - 3. mars: Snøsafari for barn på Hoven
 17. og 24. februar:
Felles aketur i Norges lengste akebakke
 18. februar:
Kahoot Familiequiz
 21. februar:
«Fjols til Fjells» for heile familien
 23. februar:
Kahoot Fredagsquiz
 24. februar:
Fullmånetur for heile familien
 20. 22. 27. & 29. feb:
Guida trugetur for heile familien   


Stryn vinterski ventar på deg!

Måndag: Snowboardkurs med Patrick

Tysdag og onsdag: skiskule med Bjørnar

Torsdag: Skidemo med SGN Skies

Fredag: Sparebank1 SMN Barneskirenn

Laurdag: Stryn treskifestival med barneskirenn og vaksenskirenn.


Alle skitrekk er opne frå 10-16 kvar dag!

Open kafe, og skiutleige


Utvikfjellet:

Breimsbygda skisenter har ope kvar dag heile vinterferien frå klokke 11-16!


Hald deg oppdatert på facebooksidene til arrangørane! Veit du om noko som skjer i vinterferien? Legg det inn i kalenderen, eller tips oss.


Nyttige lenker

Kontakt

Sosiale media

2024 © Foreningsportal