-
Snart kjem Stikk Ut! til Stryn!
Gled deg til ny Stikk Ut!- sesong 1.mai til 31. oktober, SNART også i Stryn kommune!
Marimesse og vafledagen, 25.mars!
Frå Marimesse til vaffeldag, 25. mars har vore markert i fleire hundre år.Fra middelalderen feira vi Vår frue (jomfru Maria) den 25. mars fordi det var dagen ho fikk bodskapen frå engelen Gabriel om at ho skulle føde Jesusbarnet akkurat ni månadar seinare.
Marimesse om våren er markert på dei aller fleste primstavar. Det vanligaste symbolet er eit tre, som på dei andre Maria-dagene. Krune er også ganske vanlig sidan Maria var Himmeldronninga.
Vårfrumesse var ein viktig merkedag for korleis veret ville arte seg om våren. Over heile landet vart det sagt at så lenge bekkane surrar før marimesse, så lenge skal de tie etter. Mange stadar var man redd for at naturen ville slå tilbake dersom våren kom for tidleg. Eit ordtak gjekk ut på at så lenge stæren sang før marimesse, så lenge skulle han tie etterpå. Mild vårfrumesse varsla godt ver. I Volda og Snåsa sa dei at så mykje snø som det var på taket på vårmesse, så mykje skulle det vere på markane korsmesse 14.september. (snl.no)
I Sverige er det vaffelen som har blitt eit symbol på at vinter blir til vår, og tradisjonen har spredd seg til mange land.
Marker denne dagen med vafler, enten med tradisjonell oppskrift, eller ein sunnare variant? Bytt ut litt av kveitemjølet med havremjøl, og rasp gulrot/pastinakk eller squash i røra, så får du grovare og sunne vafler som du kan ete med pålegg! Topp dei med kremost, spekeskinke, reddik og kvitost for ein god nistevaffel på dagens utflukt!
Likar du heller best dei tradisjonelle vaflene? sjekk ut ti ulike vaffeloppskrifter i lenka:
Del på:
-
Vårryddeaksjon 22.-28. april
Stryn kommune inviterar til ryddeaksjon i veke 17. Bli med å halde bygda fri for søppel!
-
Kan du reglane for bålbrenning?
I Noreg er det eit generelt bålforbud fra 15. april til 15. september kvart år
-
Hugs bandtvang frå 1.april
Det er lovbestemt at det skal vere bandtvang frå 1. april til 20.august, men med nokre unntak.
-
Fjordane Friluftsråd arrangerar friluftsskular i Stryn
Fjordane Friluftsråd arrangerar to friluftsskular i området i juni og august, påmelding opnar 1.april! PS- det er gratis!!