-
Snart kjem Stikk Ut! til Stryn!
Gled deg til ny Stikk Ut!- sesong 1.mai til 31. oktober, SNART også i Stryn kommune!
Hugs å stille klokka!
Snart er det på tide å stille klokka, veit du kva veg? Og er det for siste gong?Kvar vår kjem dagen der eit nesten samla Europa bestemmer seg for at innbyggerane har behov for ein time meir lys. Då stiller vi klokka til sommartid, før vi nokre månader seinare heller ønskjer meir søvn og stiller klokka på ny.
Som alltid stiller vi klokka fram mot sommaren - ein time fram, medan om hausten vil vi tilbake til sommaren, og stiller klokka ein time tilbake.
Dette skjer alltid den siste søndagen i mars, og den siste søndagen i oktober. I Europa er det no berre Island som ikkje justerer klokka for sommertid.
Sommertid i 2024 begynne søndag 31. mars klokka 02.00. Då stiller vi klokka ein time fram.
I 2018 var det spekulasjona om at EU-kommisjonen ville vedta at EU-landa sjølv kunne bestemme om ein ville nytte sommartid allereie i 2019, og mange trudde at man stilte klokka for siste gong allereie hausten 2018. Men pandemi og krig i Europa har satt arbeidet på vent, så vi må nok vente litt lenger før det kjem ei avgjerde om vi skal halde fram med sommertid og vintertid.
Del på:
-
Vårryddeaksjon 22.-28. april
Stryn kommune inviterar til ryddeaksjon i veke 17. Bli med å halde bygda fri for søppel!
-
Kan du reglane for bålbrenning?
I Noreg er det eit generelt bålforbud fra 15. april til 15. september kvart år
-
Hugs bandtvang frå 1.april
Det er lovbestemt at det skal vere bandtvang frå 1. april til 20.august, men med nokre unntak.
-
Marimesse og vafledagen, 25.mars!
Frå Marimesse til vaffeldag, 25. mars har vore markert i fleire hundre år.