FORENINGSPORTAL Foreninger i Stryn

Vil du lære førstehjelp for barn?

Stryn helsestasjon og ambulansetenesta inviterer til temadag om førstehjelp til barn. Velkomen på Stryn helsestasjon torsdag 20. april kl. 10.00 – 12.00.

Kva gjer du dersom eit barn skadar seg eller blir alvorleg sjukt? Det er fort gjort at born får ein framandlekam i munnen, eller at dei skadar seg på varme eller skarpe gjenstandar. Å kunne handtere slike situasjonar, og gje førstehjelp når barn får akutt sjukdom er bokstaveleg talt livsviktig, enten om du er føresatt eller har ansvar for barn i andre samanhengar.

Førstehjelpskurset er på Stryn helsestasjon torsdag 20.april, kl 10

Flere nyheter

Vårryddedag 16.mars! Søk motivasjonsmidlar til strandrydding innan fredag 1.mars!

Eit sikkert vårteikn er at det dukkar opp søppel i takt med at snøen smelter. Derfor arrangerast den nasjonale ryddedugnaden «Vårryddedagen» kvart einaste år. I år er datoen laurdag 16. mars. Vi i Fjordane friluftsråd oppfordrar derfor alle til å vere med på eit krafttak i ryddinga av marin forsøpling langs elver, innsjøar, strender, holmar og øyer – der du tenker at det trengs ei god opprydding etter at snøen har smelta. Om du ikkje har moglegheit til å rydde på sjølve vårryddedagen går det sjølvsagt fint å gjennomføre ryddinga før eller etter. Som drahjelp til frivilligheita lyser Fjordane Friluftsråd også i år ut motivasjonsmidlar til tiltak mot marin forsøpling. Her kan lag, foreiningar, skuleklasser og andre som gjennomfører ryddeaksjonar søke om midlar som skal dekke utgifter under aksjonen. Dette kan for eksempel vere utgifter til transport eller mat til dei frivillige. Sprei ordet, søk om motivasjonsmidlar og bli med på ryddedugnaden du også! Søknadsfristen for motivasjonsmidlar er 1. mars

Nyttige lenker

Kontakt

Sosiale media

2024 © Foreningsportal