FORENINGSPORTAL Foreninger i Stryn

Vil du lære å spele eit instrument? Eller synge, danse, måle eller halde på med teater?

Søknadsfrist er 01.06!

På Stryn kulturskule får du undervisning i musikk, dans, visuelle kunst og teater. Hovudopptaket for neste skuleår er 1.juni men det blir teke imot nye elevar så framt vi har ledig kapasitet. Kulturskulen er open for alle mellom 6 og 100 år! Songelevar må vere 10 år for å byrje hjå oss, og born og unge blir prioritert.

Kulturskuleåret føl skuleåret og har ferie samstundes med skulane. Undervisninga vår byrjar rett etter skuletid og varer utover ettermiddagen. Vi har både små og store konsertar og kunstutstillingar som du kan delta på om du ynskjer.

Som elev hjå oss får du ein individuell undervisningstime på 20 minutt kvar veke på ditt instrument. Vi freistar å få til samspel på tvers av enkelttimane. Gruppetimane i dans, teater og kunst varer frå 45 minutt til 90 minutt. Kortare kurs og helgakurs kan også dukke opp - følg med her på heimesida og Facebook for informasjon.


Les meir her

Nyttige lenker

Kontakt

Sosiale media

2024 © Foreningsportal