-
Gratulere med dagen!
I dag, 8. mai, markerer vi ein av dei viktigaste dagane i norsk historie.
Å stille klokka – kvifor gjer vi det eigentleg?
To gonger i året må mange av oss hugse det same: Klokka skal stillast. Om våren stiller vi klokka fram ein time, og om hausten stiller vi ho tilbake igjen. For mange betyr det ei litt trøytt morgon i mars – og ei ekstra time søvn ein gong i oktober. Men kvifor gjer vi dette, og kva betyr det i praksis?Sommartid og normaltid
Ordninga med å stille klokka handlar om overgangen mellom normaltid (vintertid) og sommartid. Når vi går over til sommartid om våren, flyttar vi klokka fram ein time. Tanken er å utnytte dagslyset betre. Når dagane blir lengre, kan vi ha meir lys på ettermiddagen og kvelden i staden for tidleg om morgonen.
Når hausten kjem og dagane blir kortare, går vi tilbake til normaltid ved å stille klokka ein time tilbake. Då får vi meir dagslys tidleg på dagen.
Når skjer det?
I Noreg skjer tidsendringane på faste datoar:
Sommartid startar: siste søndag i mars – klokka stillast frå 02.00 til 03.00
Normaltid startar: siste søndag i oktober – klokka stillast frå 03.00 til 02.00
Ein enkel hugseregel er:
Om våren stiller vi klokka fram mot sommaren, og om hausten stiller vi ho tilbake mot vinteren.
Kvifor blei ordninga innført?
Ideen bak sommartid er å spare energi og utnytte dagslyset betre. Ved å flytte ein time av dagslyset frå morgon til kveld, treng ein i teorien mindre kunstig lys på kvelden. Ordninga blei først brukt i fleire land under første verdskrigen, og seinare teke i bruk på nytt i Europa.
Del på:
-
No kan ungdomsskulel-elevar tene pengar til klassekassa gjennom dugnad!
Ved å utføre samfunnsnyttig dugnadsarbeid får ungdommane verdifull erfaring med frivillig innsats, samtidig som dei bidreg positivt i lokalsamfunnet og tener pengar til klassekassa. Søknad skjer enkelt gjennom eit digitalt skjema, og det er inga søknadsfrist.
-
Idag er det ikkje lenger lov til å brenne bål- kan du reglane for bål og ferdsel i naturen?
I Noreg er det eit generelt bålforbud fra 15. april til 15. september kvart år
-
Folkehelseundersøkinga 2026
I april 2026 får eit utval av innbyggjarar i Vestland over 18 år invitasjon til å delta i folkehelseundersøkinga. Undersøkinga er nettbasert, og dei som er plukka ut, får invitasjon på SMS eller e-post.
-
Vårryddeaksjon
Stryn kommune og Fjordane Friluftsråd inviterer til årets vårryddeaksjon. Vi håpar lag, organisasjonar og enkeltpersonar ynskjer å gjere ein innsats for å halde nærområda fri for avfall. Les meir på Stryn kommune sine heimesider.