FORENINGSPORTAL Foreninger i Stryn

No livnar det i lundar..

Våren er i full anmarsj, er du blant dei som kjenner at kroppen vaknar til liv igjen? Sjekk ut Indre Nordfjord Turlag sine turar, og bli inspirert til turar som passar deg

Indre Nordfjord Turlag (INT) er lokalisert i Stryn og Hornindal, og har ca 608 medlemmar. Det er eit lokallag av Sogn og Fjordane Turlag. INT arrangerer årleg ein rekke helgeturar, i tillegg arrangera dei onsdagsturar i sommarmånadane.  

På turane til INT kan du oppleve dei fantastiske kontrastane det er å gå frå grøderike dalar med fjordar, elvar og vatn, oppover grøne lier, oppleve den mektige blåisen som heng nedover fjellsidene og vandre over snødekt, skinande kvit isbre, der nakne steinmassiv av og til stig opp over breen. Ei naturoppleving det knapt finst maken til!

DNTs visjon

DNTs visjon "Naturopplevelser for livet" er styrende for all virksomhet i organisasjonen.

DNTs verdier skal gjenspeiles i foreningens tilbud. Våre verdier er:

Spennende › DNT skal by på utfordrende og spennende opplevelser for alle.
Troverdig › Trygghet og kvalitet skal stå i fokus i hele organisasjonen.
Inkluderende › DNT skal ha et turtilbud der alle føler seg velkomne, også de som ikke kjenner oss fra før.
Enkelt › Vi vil bidra til å la folk oppleve gleden ved det enkle friluftslivet.
Naturvennlig › DNTs virksomhet med aktiviteter, hytter og ruter skal være naturvennlig.

Les vidare på INT sine sider her

Flere nyheter

Vårryddedag 16.mars! Søk motivasjonsmidlar til strandrydding innan fredag 1.mars!

Eit sikkert vårteikn er at det dukkar opp søppel i takt med at snøen smelter. Derfor arrangerast den nasjonale ryddedugnaden «Vårryddedagen» kvart einaste år. I år er datoen laurdag 16. mars. Vi i Fjordane friluftsråd oppfordrar derfor alle til å vere med på eit krafttak i ryddinga av marin forsøpling langs elver, innsjøar, strender, holmar og øyer – der du tenker at det trengs ei god opprydding etter at snøen har smelta. Om du ikkje har moglegheit til å rydde på sjølve vårryddedagen går det sjølvsagt fint å gjennomføre ryddinga før eller etter. Som drahjelp til frivilligheita lyser Fjordane Friluftsråd også i år ut motivasjonsmidlar til tiltak mot marin forsøpling. Her kan lag, foreiningar, skuleklasser og andre som gjennomfører ryddeaksjonar søke om midlar som skal dekke utgifter under aksjonen. Dette kan for eksempel vere utgifter til transport eller mat til dei frivillige. Sprei ordet, søk om motivasjonsmidlar og bli med på ryddedugnaden du også! Søknadsfristen for motivasjonsmidlar er 1. mars

Nyttige lenker

Kontakt

Sosiale media

2024 © Foreningsportal