-
Bli med som bøssebærar for TV-aksjonen!
Søndag 18. oktober går årets TV-aksjon av stabelen, der inntektene går til NRC Flyktninghjelpen under temaet «Saman for menneske på flukt»
No kan ungdomsskulel-elevar tene pengar til klassekassa gjennom dugnad!
Ved å utføre samfunnsnyttig dugnadsarbeid får ungdommane verdifull erfaring med frivillig innsats, samtidig som dei bidreg positivt i lokalsamfunnet og tener pengar til klassekassa. Søknad skjer enkelt gjennom eit digitalt skjema, og det er inga søknadsfrist.Sparebankstiftinga skriv på sine nettsider at dei no støttar ungdomsskuleelevar med skuleturar og sosiale aktivitetar!
Dugnaden skal vere samfunnsnyttig, og det er kreativiteten som set rammene.
Døme kan vere
- å bidra på lokale frivillige arrangement
- delta i rydde- og miljøaksjonar
- skape kultur- og trivselstiltak som konsertar, høgtlesing eller kafé på omsorgsheim eller sjukehus
- enkle digitale hjelpetiltak
- Besøksven
Vi oppmodar dykk til å vere nysgjerrige på kva som skjer lokalt, og til å ta kontakt med frivillige organisasjonar for å høyre om dei har oppdrag. Det er ikkje høve til å ta oppdrag for privatpersonar eller i private føretak.
Du får støtte basert på deltaking:
- 200 kroner per elev per time
- timar kan samlast over fleire dugnader
Det kan tildelast inntil kr 30 000 per skuleår, med ei samla øvre ramme på kr 90 000 gjennom ungdomsskulen.
Les meir HER
Del på:
-
Kva meiner du om reiselivet i Stryn?
Reiselivet skaper aktivitet, arbeidsplassar og gode opplevingar, men kan òg føre til utfordringar for naturen og lokalsamfunna våre.
-
Skarsteinsetra opp, 12. september!
Om du springe, syklar, går eller trillar er du velkommen til å delta på årets begivenhet Skarsteinsetra opp i Olden, arrangert av Olden Idrettslag.
-
Når Nils Vik legg ut på si siste reise
Teater Vestland tek Frode Grytten sin prisvinnande roman «Den dagen Nils Vik døde» til scena. Det blir ei forteljing om eit heilt liv, om kjærleik, menneskemøte og den siste reisa ut fjorden. Sjå framsyninga i Oppstryn 09.september eller i Aldaheim i Olden 10.september
-
Friluftslivets veke
Finn din tur, og bli med å feire norsk natur