-
Open hall for vaksne i Strynehallen
Kom og bli med på open hall for vaksne i Strynehallen – eit gratis, lavterskeltilbod for deg som vil røre litt på deg, treffe folk, eller berre late som du er i kjempeform. 📍 Stad: Strynehallen 🗓 Tid: Kvar torsdag fram til påske, oppstart 22.januar ⏰ Kl.: 15.30–17.00 (drop‑in – kom når du vil, gå når du må)
Natt til søndag stillar vi klokka igjen!
Søndag 30.03 kl 0200 stiller vi klokka til 0300Sommartid er den delen av året der klokka blir stilt fram ein time i høve til normaltid. Fleire land har innført dette for å utnytte dei lyse delane av døgnet betre.
Sommartid vart først foreslått av Benjamin Franklin i eit essay så tidleg som i 1784, men vart ikkje teken i bruk før under første verdskrigen. Tyskland var først ute i 1916, og deretter følgde Storbritannia. Tanken var å nytte sommarmånadene betre ved å ha lys ein time ekstra om kvelden og samtidig redusere energibruken. Energisparing har hatt mindre betydning i industrialiserte land i nyare tid, men kan få ny aktualitet med dei utfordringane klimaskiftet fører med seg.
Sommartid vert hovudsakleg nytta i tempererte område i verda. I tropane varierer lengda på dag og natt så lite at ordninga ikkje er praktisk der.
Del på:
-
Nasjonal varslingsprøve onsdag 14.januar
Onsdag 14 januar klokka 12 vert Naudvarsel testa på mobil og Sivilforsvarets varslingsanlegg over heile Noreg i ei felles nasjonal varslingsprøve.
-
Tilskotsordning: ABC i Stryn – samhandling for god psykisk helse
Stryn kommune lyser ut tilskotsmidlar til frivillige lag og organisasjonar gjennom satsinga ABC i Stryn – samhandling for god psykisk helse. Ordninga skal bidra til betre psykisk helse, inkludering og fellesskap i lokalsamfunnet.
-
Dyrkar du bær – eller har du lyst til å starte med bærproduksjon? Då håpar vi du vil bli med på ei kjekk og inspirerande samling på Innvik fruktlager!
-
Teater Vestland kjem til Aldaheim og Trudvang!
I mars kjem Vestland Teater tilbake til Olden og Oppstryn med teater, denne gongen for barn!