-
No kan endå fleire reise med bestillingsbuss!
Frå 23. juni kjem nye bestillingstilbod i delar av Nordfjord. Her finn du oversikt over kva tilbod Stryn får med Skyss Bestilling.
Nasjonal varslingsprøve onsdag 11.juni
Onsdag 11. juni klokka 12 vert Naudvarsel testa på mobil og Sivilforsvarets varslingsanlegg over heile Noreg i ei felles nasjonal varslingsprøve.Det er politiet som sender ut test av Naudvarsel på mobil. Sivilforsvaret testar samtidig tyfonane med signalet "Viktig melding – søk informasjon".
Varslingsprøva 11. juni vert gjort over heile landet, rundt kl. 12. Det betyr at mobiltelefonar i heile landet vil vibrere og spele av eit høgt lydsignal, på same tid som tyfonane ular.
Ei så omfattande varslingsprøve vil høyres godt, spesielt der mange mennesker er samla. Del difor informasjon om varslingsprøva med dine nærmaste, slik at flest mogleg er førebudd og veit at dette berre er ein test.
Testen går ut over mobilnettet i heile landet. Alle nyare og oppdaterte mobiltelefonar og einheter som er i Noreg og som er kopla på 4G/5G kan motta testen.
Mer informasjon om hvilke enheter som kan motta Nødvarsel.
Dersom du ikkje ønsker å motta testen, må du setje telefonen i flymodus eller skru den heilt av i god tid før og etter klokken 12 den 11.juni. Lydlaus, låg lyd, dempa varsling og liknande blir overstyrt.
Del på:
-
Søk støtte til inkluderande møteplassar – tilskotsordning frå Stryn kommune
ålet er å tilby aktivitetar som fremjar helse og livskvalitet, og å styrkje samarbeidet mellom frivillige organisasjonar og kommunale tenester.
-
Kulturdag på Nordsida
Velkomen til ein heilt spesiell dag ved vakre Sagedammen, der den tradisjonelle kulturdagen vert feira med kunst, fellesskap og musikk for heile familien!
-
Sommarskule med fokus på kunst og handverk
I veke 32 og 33 for deg mellom 10-14 år!
-
Jonsokafta 24. juni
I 2025 er jonsok eller sankthansaftan på måndag 24.juni