FORENINGSPORTAL Foreninger i Stryn

Millionar til idretten!

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane annonserar i dag 9. februar at dei set av 1 million til idretten! Stiftinga har i første omgang tildelt 1 million kroner av overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane til fondet, og signaliserer at dei vil supplere fondet dersom det blir behov for det. – Dessverre er det slik at frivillig sektor opplever fråfall blant barn og unge på grunn av vanskeleg familieøkonomi. Det fører til auka utanforskap, noko som er svært uheldig. Slik ønskjer vi ikkje å ha det, seier Hallvard Klakegg, direktør i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Skal skape større deltaking

Inkluderingsfondet er midlar som idrettslag og andre ideelle foreiningar kan bruke til å hjelpe medlemar som har behov for å bli inkludert eller er frå familiar med vanskelegstilt økonomi. Familieøkonomien bør ikkje vere ei barriere for at barn og unge kan delta i fritidsaktivitetar på linje med andre. Organisasjonar kan søkje om å få  midlar til å dekke til dømes medlemsavgift, treningsavgift, deltakravgift og nødvendig personleg utstyr til medlemar som er i målgruppa.

– Utanforskap er noko vi i Sparebankstiftinga har jobba med over lengre tid og vi har ofte gitt støtte til tiltak som skal skape inkludering og hindre utanforskap.

Med omsyn til personvern og risikoen for stigmatisering er det viktig at det blir innarbeidd gode retningslinjer og praksis for korleis ein handterer ei slik ordning. Idrettskrinsen vil ta ei aktiv rolle når det gjeld å  gje god informasjon i idrettslaga. Det er ofte trenarar, instruktørar og hjelpeapparat som er best til å vurdere behovet og tettast på til informere foreldre i målgruppa om korleis ein kan få hjelp til å dekke kostnader til aktiviteten barna er med på. Ordninga vil i hovudsak vere tillitsbasert. Det vil mellom anna bli brukt tilgjengeleg statistikk for å vurdere behovet når søknader frå lag og foreiningar skal handsamast.

Frivillige lag og organisasjonar innan barne- og ungdomsarbeid kan søkje om støtte frå inkluderingsfondet. Første søknadsfrist blir 20 april i år. Søknadsskjema blir lagt ut på Sparebankstiftinga si heimeside  i byrjinga av mars.

Les heile saka her

Idrettslag kan truleg vente endå fleire moglegheiter for å skaffe seg midlar sidan Kulturminister Anette Trettebergstuen formidla at det er sett av 100 millionar til idretten. I VG stod det følgande i nettutgåva 06.02: "– Ni av ti norske barn er innom idretten i løpet av barndommen. Det skyldes at det er billig å bli med. Men ut fra hva jeg hører, så frykter jeg jo at den fantastiske norske idrettsmodellen kan forvitre, sier Trettebergstuen. Hun varsler et økt overskudd i Norsk Tipping på cirka 100 millioner kroner for fjoråret. Hele beløpet skal inn i en ny ordning som kommer breddeidretten til gode. Pengene skal utbetales i mai og gå til drift av klubbene."

VG sin sak kan du lese utan abonnement her

Nyttige lenker

Kontakt

Sosiale media

2024 © Foreningsportal