FORENINGSPORTAL Foreninger i Stryn

Lokaltransport for ungdom (NB endring i takst)

No kan ungdom sjølv bestille drosje til rusfrie ungdomsarrangement!

Stryn ungdomsråd har no vedteke nye retningslinjer for bruk av ordninga "Lokaltransport til ungdom"! Lokal transport for ungdom (LTU) skal gje ungdom høve til å delta på rusfrie ungdomsarrangement i Stryn kommune. Tilbodet gjeld alle dagar i veka, for ungdom mellom 13-19 år.

Ungdommane bestiller transporten sjølve, og tar kontakt med næraste taxisentral. De opplyser ved bestilling om at de ynskjer å nytta dykk av LTU i Stryn. De må oppgje kor mange de er, og kva reisa skal nyttast til.

Det må vere minimum to ungdommar som skal same retning, men det er ikkje eit krav at dei skal heim til same adresse. De må oppgje namn og telefonnummer ved bestilling. Går det buss i same tidsrom kan ein ikkje nytte dette tilbodet.

Eigenandel er 20 kr pr veg

Ved store arrangement oppmodar vi alle om å samordne seg ved bestilling av skyss, då potten til tranporttilskot er begrensa. Dersom ein veit på førehand at mange ungdommar skal på same arrangement, kan ein gje beskjed til jannike.sunde@stryn.kommune.no, for å bestille buss. Denne må tingast minimum 4 dagar før arrangementet. Vi ønskjer å kunne tilby transport for ungdom i heile 2023, men då må vi ha ei god organisering for bruk av taxi

Liste over eks på rusfrie arrangement som LTU kan nyttast til.

  • Den store kinodagen
  • Bygdekino
  • Strynemessa
  • Oldendagane/Utvikdagane/Innvik++
  • Oktoberfest (for ungdom)
  • Kino
  • Open hall/Nattcafè
  • Sykkelcamp i regi av kommunen 
  • Arrangement i regi av Stryn kommune (bibliotek, kulturskule og kulturhus)
  • Kulturnatt
  • UKM, og arrangement i regi av UKM
  • Ungdomskonsertar som er rusfri
  • Arrangement på Stryn skisenter
  • Tilskuer idrettsarrangement Stryn kommune


Denne lista kan bli meir utfyllande etter kvart. 


 jannike.sunde@stryn.kommune.no eller maria.ulvedal@stryn.kommune.no



Ring næraste taxisentral: 

Stryn Taxi: 57872350

Olden Taxi: 95086146

Innvik Taxi: 91101292

Nyttige lenker

Kontakt

Sosiale media

2024 © Foreningsportal