-
2. desember er slettedagen- Oppmodar til digital dugnad
2. desember vert nordmenn blir oppmoda til å rydde opp i sitt digitale liv. Målet er både å skape betre oversikt i eigne digitale arkiv og å redusere det klimaavtrykket som ubrukte filer, appar og datatrafikk fører med seg.
Hugs å stille klokka – no går vi over til vintertid
Natt til søndag 26. oktober skal vi igjen stille klokka – denne gongen ein time tilbake. Klokka 03.00 blir altså 02.00, og vi får ein ekstra time søvn.Ordninga med sommartid og vintertid har vore brukt i Noreg sidan 1980, og har som formål å utnytte dagslyset betre gjennom året. Når vi går over til vintertid, får vi lysare morgonar, men mørkare ettermiddagar. Sommartid vert hovudsakleg nytta i tempererte område i verda. I tropane varierer lengda på dag og natt så lite at ordninga ikkje er praktisk de
Slik hugsar du retninga
Eit enkelt triks for å hugse retninga er:
«Om våre vil du fram mot sommaren, om hausten ønsker du deg tilbake til sommaren.»
Eller som mange seier: «Om våren tar vi fram hagemøblene og stiller klokka fram éin time til sommartid.
Om hausten set vi hagemøblene tilbake og stiller klokka éin time tilbake til normaltid»
Del på:
-
Invitasjon til folkemøter- Stryn kommune lagar plan for helse
I samfunnsplanen for Stryn kommune som gjeld fram til 2035 er eit av måla: Ein god stad å bu for alle heile livet
-
Julevarme i Stryn 2025
Gjer deg klar for ein magisk kveld med «Julevarme i Stryn»! Den 11. desember fra kl. 18:00 til 19:30 kan du oppleve artisten Line Dybedal, som saman med fleire musikalske ungdomstalent frå vår eiga bygd skal fylle rommet med varme og vakre tonar og ei deilig førjulsstemning.
-
Røykvarslar-dagen: Ein enkel sjekk som kan redde liv
Kvart år den 1. desember markerer vi Røykvarslar-dagen i Noreg. Dette er ein nasjonal påminning om kor viktig det er å ha fungerande røykvarslarar – og om at dei må testast jamleg. Brann i bustad tek liv kvart år, og ofte er manglande eller feil røykvarslar ei avgjerande årsak til at folk ikkje kjem seg ut i tide.
-
Stryn Arbeidssenter feirar 40 år!
Torsdag 27. november inviterer vi heile bygda til å feire vårt 40-årsjubileum i Grandevegen 7. Her blir det god stemning, nykokt kaffi, søte kaker – og ikkje minst hyggeleg lag med både gamle og nye kjenningar. Ta turen innom og bli med når vi markerer fire tiår med arbeidsglede, fellesskap og stoltheit!