-
Snart kjem Stikk Ut! til Stryn!
Gled deg til ny Stikk Ut!- sesong 1.mai til 31. oktober, SNART også i Stryn kommune!
Fastelavn på søndag!
Fastelavn er opprinnelig ein hedensk vårfest, feira med bollar og fastelavnsris!Fastelavnensdagane starter alltid på søndagen sju veker før 1. påskedag, og varar i tre dagar (fastelavnssøndag, blåmandag og feitetirsdag). Perioden i mellom desse dagane er tradisjonelt sett ein fastetid, og "fastelavn" betyr faktisk "kvelden før fasten". Konseptet er å feite seg opp på god mat før ein i 40 dagar avstår frå dette. Søte bollar med feitande krem og eit melisdryss passar ypperleg til eit slikt festmåltid, og fastelavnsbollane har en lang tradisjon i Norge. Blåmandag har vore ein pausedag, for å bygge opp appetitten mellom fastelavnssøndag og feitetirsdag!
Fastelavnsrisen, som oftast er laga av bjørkeris, har også sin historie. Bjørkerisen har på denne årstiden små knoppar, som skal symbolisere fruktbarheit og vekst. Etter andre verdenskrig har Norske kvinners sanitetsforening dekorert og solgt fastelavnsris. Mange barn lagar fastelavnsris i barnehagen.
Dersom du er på jakt etter den perfekte oppskrifta til fastelavnsbollar, kan du klikke HER
Del på:
-
Vårryddeaksjon 22.-28. april
Stryn kommune inviterar til ryddeaksjon i veke 17. Bli med å halde bygda fri for søppel!
-
Kan du reglane for bålbrenning?
I Noreg er det eit generelt bålforbud fra 15. april til 15. september kvart år
-
Hugs bandtvang frå 1.april
Det er lovbestemt at det skal vere bandtvang frå 1. april til 20.august, men med nokre unntak.
-
Marimesse og vafledagen, 25.mars!
Frå Marimesse til vaffeldag, 25. mars har vore markert i fleire hundre år.