FORENINGSPORTAL Foreninger i Stryn

Er du kjent med bålforbodet?

I Noreg er det eit generelt bålforbod frå 15. april til 15. september. I denne perioden er det forbode å tenne opp bål og grill (også eingongsgrill) i eller i nærleiken av skog og annan utmark utan løyve frå Stryn kommune.

Sjølv om det er generelt bålforbod har du lov til å tenne bål der det er opplagt at det ikkje kan starte ein brann. Det kan til dømes vere dersom det er snø på bakken, eller at det har regna i lang tid. Du kan også grille på stranda i god avstand fra skog og vegetasjon, og på tilrettelagte grill- og bålplassar som er godkjent av kommunen. Det er viktig å allid sjekke kva reglar som gjeld for den kommunen du er i:

I Stryn kommune er det lov med:

  • Open brenning på grillinnretningar, utepeisar og kaffibål
  • Brenning av avfallstrevirke, med unntak av rivingsavfall og impregnert og måla trevirke
  • Brenning av Jonsokbål og Olsokbål
  • Ranke- og flatebrenning i landbruket i god avstand til tettbygde strok
  • Kulturarrangement med vardebrenning eller liknande
  • Brenning av tørt hageavfall i god avstand til tettbygde strok


Nyttige lenker

Kontakt

Sosiale media

2024 © Foreningsportal