-
Snart kjem Stikk Ut! til Stryn!
Gled deg til ny Stikk Ut!- sesong 1.mai til 31. oktober, SNART også i Stryn kommune!
Digitalt seminar for frivilligheita i Vestland
Korleis kan frivillige organisasjonar samarbeide tettare med kommunane og næringslivet? Korleis kan vi skape meir i lag, og løfte kvarandre og lokalsamfunna?Målgrupper
Seminaret er ope for alle, men hovudmålgruppa er frivillige, tillitsvalde og tilsette i regionale frivillige organisasjonar i Vestland.
Praktisk
Møtet blir gjennomført på Teams. Alle påmelde får tilsendt kalenderinvitasjon på e-post dagen før seminaret med lenke til innlogging via Teams.
Program
Kl. 19.30: Velkomen til seminar!
Kl. 19.35: «Med hjerte for Arendal». Eit prosjektsamarbeid mellom Arendal kommune, KS Agder og fem frivillige organisasjonar som har utvikla seg til eit nettverk på nærmare 100 lag, foreiningar og menigheiter som samarbeider med kommunen gjennom samskaping og ressursbasert tilnærming. Ved Lisbeth Iversen, leiar av nettverket.
Kl. 19.55: Korleis kan frivillige organisasjonar påverke i politiske prosessar? Om paraplysamarbeid som nøkkel for samarbeid og politisk medverknad. Ved Geir Storrø, leiar i Askøy amatørkulturråd.
Kl. 20.10: Skaparstovo, Bjørnafjorden makerspace – folkeverkstad for dei som vil vere kreative, dyrke hobbyen sin eller skape eigen arbeidsplass. Ved Marte Klafstad og Daniel Lloyd Klafstad, frivillige på Skaparstovo.
Kl. 20.25: Dugnad for auka deltaking. Korleis kan vi mobilisere mot einsemd gjennom deltaking i frivillige organisasjonar? Ved Vanja Konradsen, prosjektleiar i Frivillighet Norge.
Kl. 20.40: Løft for frivilligheita i Vestland. Om arbeidet med regional plan for kultur, idrett og frivilligheit, tilskotsordningar og møteplassar for frivilligheita. Ved Ronny Skaar, seksjonssjef og Åge Avedal, seniorrådgjevar i kulturutvikling, Vestland fylkeskommune.
Kl. 20.50: Spørsmål, innspel, oppsummering og takk for i dag.
Del på:
-
Vårryddeaksjon 22.-28. april
Stryn kommune inviterar til ryddeaksjon i veke 17. Bli med å halde bygda fri for søppel!
-
Kan du reglane for bålbrenning?
I Noreg er det eit generelt bålforbud fra 15. april til 15. september kvart år
-
Hugs bandtvang frå 1.april
Det er lovbestemt at det skal vere bandtvang frå 1. april til 20.august, men med nokre unntak.
-
Marimesse og vafledagen, 25.mars!
Frå Marimesse til vaffeldag, 25. mars har vore markert i fleire hundre år.