FORENINGSPORTAL Foreninger i Stryn

BUA Stryn bytar til sommarutstyr!

Er du også klar for rulleskøyter, syklar og sup-brett?

BUA Stryn ønskjer å takke alle våre lånara for ein flott vintersesong, som kom seint men godt.

No gledar vi oss over bar asfalt og varmande solstrålar, og gjer oss klar for ein ny sesong i utstyrsparken vår.

BUA sitt sommar utstyr består blant anna av syklar, SUP-brett, kubb, skateboard, rulleskøyter, hengekøyer, packraft, bæremeisar og mykje meir! 

Følg denne lenka https://www.bua.no/bua-stryn/utstyr for å sjå kva utstyr som er tilgjengeleg på BUA i Stryn. Dersom du ønskjer å låne utstyr, må du bli BUA- brukar. Du kan lage eigen profil sjølv på bua.no sine sider. Der kan du også registrere evt barn som medlånetagarar! Dersom du allereie har BUA-brukar må du hugse å verifisere profilen din. Dette er for din eigen tryggleik slik at ingen kan misbruke din låneprofil. 

Følg med på BUA Stryn sin facebook for opningstider.

Og hugs- dersom du har ein BUA-brukar kan du låne utstyr over heile landet Førstemann til BUA! 

Flere nyheter

Vårryddedag 16.mars! Søk motivasjonsmidlar til strandrydding innan fredag 1.mars!

Eit sikkert vårteikn er at det dukkar opp søppel i takt med at snøen smelter. Derfor arrangerast den nasjonale ryddedugnaden «Vårryddedagen» kvart einaste år. I år er datoen laurdag 16. mars. Vi i Fjordane friluftsråd oppfordrar derfor alle til å vere med på eit krafttak i ryddinga av marin forsøpling langs elver, innsjøar, strender, holmar og øyer – der du tenker at det trengs ei god opprydding etter at snøen har smelta. Om du ikkje har moglegheit til å rydde på sjølve vårryddedagen går det sjølvsagt fint å gjennomføre ryddinga før eller etter. Som drahjelp til frivilligheita lyser Fjordane Friluftsråd også i år ut motivasjonsmidlar til tiltak mot marin forsøpling. Her kan lag, foreiningar, skuleklasser og andre som gjennomfører ryddeaksjonar søke om midlar som skal dekke utgifter under aksjonen. Dette kan for eksempel vere utgifter til transport eller mat til dei frivillige. Sprei ordet, søk om motivasjonsmidlar og bli med på ryddedugnaden du også! Søknadsfristen for motivasjonsmidlar er 1. mars

Nyttige lenker

Kontakt

Sosiale media

2024 © Foreningsportal