FORENINGSPORTAL Foreninger i Stryn

ALLE MED!

Ønskjer du at fleire born og unge skal få ei meiningsfull fritid i ein inkluderande fellesskap?

Stryn kommune invitera til ein tverrfagleg dugnad der vi saman brukar dialogreiskapen ALLEMED for å skape diskusjon, medvit, og finne løysingar på korleis vi i fellesskap kan jobbe for å få alle barn og unge med i fritidsaktivitetar.

ALLEMED er ein gratis reiskap utvikla for å auke merksemd om utanforskap blant barn og unge, og for å sikre inkluderande arbeid for å få alle med. Alle som møter borna og familiane,  kan bidra til å bryte barrierar for deltaking o i fritidsaktivitetar. Ved å jobbe samen på tvers av fag og sektorar, kan vi i fellesskap sikre at alle born får oppfylt sin rett til leik og fritid. Skal alle born ha moglegheit til å delta jamelg i fritidsaktivitetar, må både kommune og frivillege gjere ein innsats kvar for seg og saman. Difor er det viktig med dialog for at ein har ein sams forståing for kva utfordringar og hindringar som fins for deltaking. Vi treng også å bli kjent med dei lokale styrkene og ressursane våre for å jobbe målretta for eit inkluderande samfunn!

Målet med Fritidserklæringa er at alle born, uavhengig av foreldra sin sosiale og økonomiske situasjon, skal ha moglegheit til å delta jamleg i minst ein organisert fritidsaktivitet. For at dette målet skal bli nådd, må dei gode kreftene som er rundt barnet gjere ein felles innsats. Alle born har rett til ei god oppvekst med ei meiningsfull fritid, der dei får oppleve meistring, og høyre til i eit fellesskap. Forsking og statistikk viser at det er mange barn som ikkje deltek i organiserte fritidsaktivitetar på grunn av ulike barrierar, blant anna kan økonomi, manglande informasjon, eller utilgjengelegheit vere årsakar til fråfall i aktivitetstilbod. 

Sjå video om alle med her 


Stryn planlegger ein Alle- Med dugnad 25.april, i Stryn Kulturhus kl 1630-19.00, og vi treng at ALLE lag og organisasjonar, eldsjeler, og alle som bryr seg om unge si fritid deltek! 

Kjem du? Meld deg på til: maria.ulvedal@stryn.kommune.no 

Les meir her!

Flere nyheter

Vårryddedag 16.mars! Søk motivasjonsmidlar til strandrydding innan fredag 1.mars!

Eit sikkert vårteikn er at det dukkar opp søppel i takt med at snøen smelter. Derfor arrangerast den nasjonale ryddedugnaden «Vårryddedagen» kvart einaste år. I år er datoen laurdag 16. mars. Vi i Fjordane friluftsråd oppfordrar derfor alle til å vere med på eit krafttak i ryddinga av marin forsøpling langs elver, innsjøar, strender, holmar og øyer – der du tenker at det trengs ei god opprydding etter at snøen har smelta. Om du ikkje har moglegheit til å rydde på sjølve vårryddedagen går det sjølvsagt fint å gjennomføre ryddinga før eller etter. Som drahjelp til frivilligheita lyser Fjordane Friluftsråd også i år ut motivasjonsmidlar til tiltak mot marin forsøpling. Her kan lag, foreiningar, skuleklasser og andre som gjennomfører ryddeaksjonar søke om midlar som skal dekke utgifter under aksjonen. Dette kan for eksempel vere utgifter til transport eller mat til dei frivillige. Sprei ordet, søk om motivasjonsmidlar og bli med på ryddedugnaden du også! Søknadsfristen for motivasjonsmidlar er 1. mars

Nyttige lenker

Kontakt

Sosiale media

2024 © Foreningsportal