FORENINGSPORTAL Foreninger i Stryn

9,3 millionar til trafikktrygging

Kvart år kan kommunar søke om midlar til fysiske trafikktryggingstiltak. I år kom det inn 69 søknadar frå 29 av 43 kommunar i Vestland fylkeskommune. Søknadssummen er på om lag 29 millionar kroner. Tilskotsramma er på 9,3 millionar kroner.

Totalt vart det gjort framlegg om at 22 søknader får tilskot, og til 21 ulike kommunar. Tildelingssummen er frå 18 500 til 1 mill. kr.

Til samanlikning var det i 2021 53 søknader frå 27 kommunar, med ein søknadssum på om lag 20 mill. kr., og med ei ramme på 10,6 mill. kr. I 2022 var det 71 søknadar frå 27 kommunar, med ein søknadssum på om lag 29 mill. kr, og med ei ramme på 15, 2 millionar kroner.

For å sjå kven som fekk pengar til trafikktryggingstiltak, sjå her


Flere nyheter

Vårryddedag 16.mars! Søk motivasjonsmidlar til strandrydding innan fredag 1.mars!

Eit sikkert vårteikn er at det dukkar opp søppel i takt med at snøen smelter. Derfor arrangerast den nasjonale ryddedugnaden «Vårryddedagen» kvart einaste år. I år er datoen laurdag 16. mars. Vi i Fjordane friluftsråd oppfordrar derfor alle til å vere med på eit krafttak i ryddinga av marin forsøpling langs elver, innsjøar, strender, holmar og øyer – der du tenker at det trengs ei god opprydding etter at snøen har smelta. Om du ikkje har moglegheit til å rydde på sjølve vårryddedagen går det sjølvsagt fint å gjennomføre ryddinga før eller etter. Som drahjelp til frivilligheita lyser Fjordane Friluftsråd også i år ut motivasjonsmidlar til tiltak mot marin forsøpling. Her kan lag, foreiningar, skuleklasser og andre som gjennomfører ryddeaksjonar søke om midlar som skal dekke utgifter under aksjonen. Dette kan for eksempel vere utgifter til transport eller mat til dei frivillige. Sprei ordet, søk om motivasjonsmidlar og bli med på ryddedugnaden du også! Søknadsfristen for motivasjonsmidlar er 1. mars

Nyttige lenker

Kontakt

Sosiale media

2024 © Foreningsportal