Vestland fylkeskommune inviterar til frivilligkonferansen 18.juni
Korleis få auka deltaking, fleire deltakarar, frivillige og medlemer? Vestland fylkeskommune inviterar til konferanse i Sogndal! Bli inspirert. Bli utfordra. Bli med på Frivilligkonferansen Vestland i Sogndal 18. juniKorleis kan frivilligheita bidra til eit meir berekraftig samfunn? Korleis reduserer vi barrierar og opnar opp for fleire?
Kva er vegen vidare for frivilligheita i Vestland?
Målgruppe
Konferansen er open for alle, men hovudmålgruppa er frivillige og tillitsvalde i frivillige organisasjonar.
Program
Fredag 17. juni
Kl. 20.00: Velkomen og mat
Kl. 21.00: Frivilligheita som ressurs, samfunnsansvar og utvikling av lag og organisasjonar. Motivasjonsforedrag ved Rasmus Mo, som har leiarerfaring i 30 år innan luftfart, toppidrett, eigedomsutvikling og flyktningarbeid
Kl 22.00: Mingling
Laurdag 18. juni
Kl. 10.00: Velkomen v/ Stian Davies, leiar i hovudutval for kultur, idrett og integrering i VestlandPresentasjon av samarbeidskomiteen/arrangørane. Helsingar og kulturinnslag
Kl. 10.30: Gjenreisinga. Rekruttering av deltakarar og frivillige
- Dugnad for auka deltaking. Presentasjon av rekrutteringsverktøy, ny nasjonal frivilligundersøking og ulike framtidsscenario etter pandemien v/ Vanja Konradsen, prosjektleiar i Frivillighet Norge
- Korleis får vi med deltakarar og frivillige? v/ Carl Harbitz-Rasmussen, Norges kulturvernforbund og Fjordsteam
- Korleis få med fleire medlemer og halde på desse? v/ Janne-Christin Rabben, dagleg leiar i Norges Musikkorps Forbund Hordaland
Kl. 11.30: Lunsj
Kl. 12.30: Berekraft og frivilligheit
- Berekraftsarbeid i idretten v/ Knut Songve, organisasjonssjef i Vestland Idrettskrets.
- Berekraft i friluftslivet v/ Selma Blanco-Landeråen, leiar i DNT Ung Bergen og Dag Sandvik naturvernansvarleg i Bergen og Hordaland Turlag
Kl. 13.00: Inkludering og reduksjon av barrierar
- ALLEMED som verktøy i arbeidet med inkludering. Korleis samarbeid med kommune og inkludere innvandrarar og barn og unge frå låginntektsfamiliar i fritidsaktivitetar og organisasjonslivet? v/ Marit Nedkvitne, Voss Røde Kors.
- Korleis får vi med ungdom og kan inkludere fleire? v/ Cidi Nzita, ansvarleg for integreringsprosjektet «alle skal med - et lysglimt i hverdagen» i samarbeid med Norna-Salhus IL. Cidi er årets vinnar av Bergen kommune sin ungdomspris for å ha starta opp den frivillige organisasjonen «Springbrett for ungdom».
Kl. 14.00: Pause
Kl. 14.15: Helsing frå kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen
Kl. 14.30: Arbeidsverkstadar/gruppejobbing om inkludering og rekruttering
Kl. 15.30: Vegen vidare for frivilligheita i Vestland
Kl. 15.50: Takk for i dag!
Kl. 16.00: Slutt for dagen
Praktisk
Konferansen blir gjennomført på Quality Hotel Sogndal. Konferansedagen er laurdag 18. juni. Dei som ønskjer det kan også delta på forarrangementet fredag 17. juni kl. 20–22.
Treng du overnatting?
Dette bestiller du direkte hos Quality Hotel Sogndal. Standard enkeltrom kostar 1312 kr, standard dobbeltrom kostar 1552 kr. Det er halde av 50 rom til konferansen fram til tre veker før ankomst, så bestill rom i god tid. Gje melding om at du er deltakar på konferansen ved bestilling.
Prisar
100 kr for deltaking på forarrangementet 17. juni.
300 kr for deltaking på konferansedagen 18. juni.
Arrangørar
Konferansen er eit samarbeid mellom
- Vestland fylkeskommune
- Vestland Musikkråd
- Vestland Idrettskrets
- Forum for Natur og Friluftsliv
- Vestland Innvandrerråd
- Vaksenopplæringsforbundet Vestland
- Vestland Frivilligsentralar
- Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) Vestland
- Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO)
Frist for påmelding er 31.mai
Del på:
-
Frivillegfestival i Nordfjord- onsdag 22.juni!
Her blir det aktivitetar, god mat og herlige møte mellom mennesker, lag og organisasjonar! Eksersisplassen 15.00-17.30
-
Nasjonal rapport om rekruttering til frivillegheit
Frivilleghet Norge har utarbeida ein rapport om auka deltaking, rekruttering og mangfald i det frivillege samfunnslivet.
-
Ny tilskotsordning til mangfold- og inkluderingstiltak i idrett og fysisk aktivitet
Lotteri- og stiftelsestilsynet forvaltar ei ny tilskotsordning som skal legge til rette for auka deltaking i idrett og fysisk aktivitet for alle barn og unge. Du kan også søkje tilskot til prosjekt eller eingangsutgifter. Det er opna for søknadar og søknadsfristen er 13. juni kl. 13.00.
-
Opplev Friluftsskulen i Stryn og Innvik i sommar!
Fjordane Friluftsråd arrangerar Friluftsskulen som er eit aktivitetsopplegg for born og unge i alderen 9-13 år. Vi vil inspirere til at born og unge får eit nært og godt forhold til naturen. Gjennom ulike aktiviteter, ferdsel og opplevingar ynskjer vi å gje dei ei forståing av naturen sin eigenart og tålegrenser.
-
Oppsummering frå møtene
Etter 5 møter med frivillege lag og organisasjonar, har vi laga ei oppsummering av tilbakemeldingane vi fekk. 46 personar møtte på denne turneen. Det var eit stort engasjement på alle møtene, og vi har fått nyttige tilbakemeldinger på korleis de som engasjerte sambygdingar har det, og korleis de tenker frivillighet.
-
Røde kors arrangerer kurs for inkludering av flyktningar
Bli flyktningguide! Delta på Røde Kors flyktningguide-kurs torsdag 09.juni kl 18-21 i lokala til Stryn vaksenopplæring.
-
Vestland fylkeskommune inviterar til frivilligkonferansen 18.juni
Korleis få auka deltaking, fleire deltakarar, frivillige og medlemer? Vestland fylkeskommune inviterar til konferanse i Sogndal! Bli inspirert. Bli utfordra. Bli med på Frivilligkonferansen Vestland i Sogndal 18. juni