-
Gratulere med dagen- 8mai!
Idag hedra vi friheita, og alle dei som har gjort ein innsats, nasjonalt og internasjonalt, for å skape fred og tryggleik.
Vaffeldagen 25. mars
Visste du kvifor vi feirar vaffeldagen? Og er du klar for å ete vafler på ein ny måte?Den offisielle forklaringa på vaffeldagen 25. mars er at vi i middelalderen feira Vår frue (jomfru Maria) 25. mars. Det var dagen då jomfru Maria fekk bodskapen frå engelen Gabriel om at ho var gravid med Jesusbarnet. Sjekker du i kalendaren, vil du sjå at det er temmelig nøyaktig ni månedar igjen til jul.
På 1200-tallet er vafler omtalt som eit kyrkjeleg kjæreiksmåltid i Paris under påskefeiringa. Vafle var også brukt som fasterett. Kakejern var utbredt i heile Europa. Utviklinga har ført til at dei nesten er borte sørover i Europa, men i Norge er dei blitt verande.
Det fins knapt nokon andre kaker eller matrettar som det er så mange oppskrifter på som vafler. Vafler er kjent og brukt over heile landet, og blir ete både til kvardags og fest. Den første kjente oppskrifta på vaffelrøre i Norge, er sannsynligvis nedteikna tidleg på 1700-tallet. Den stammer fra Kiellandfamiliens bibliotek i Stavanger. Vaflene inneholdt hvetemel, sukker, smør og egg, i tillegg til kardemomme, muskat, nellik, anis og ingefær.
Kanskje kjenner du Stryns eigne moods-vafler?
Er du klar for inspirasjon til vaffel-pålegg? Prøv vafler med laks eller fenalår eller vafle vafle med ost og skinke !
Del på:
-
Snart kjem Stikk Ut! til Stryn!
Gled deg til ny Stikk Ut!- sesong 1.mai til 31. oktober, SNART også i Stryn kommune!
-
Vårryddeaksjon 22.-28. april
Stryn kommune inviterar til ryddeaksjon i veke 17. Bli med å halde bygda fri for søppel!
-
Kan du reglane for bålbrenning?
I Noreg er det eit generelt bålforbud fra 15. april til 15. september kvart år
-
Hugs bandtvang frå 1.april
Det er lovbestemt at det skal vere bandtvang frå 1. april til 20.august, men med nokre unntak.