-
Gratulere med dagen- 8mai!
Idag hedra vi friheita, og alle dei som har gjort ein innsats, nasjonalt og internasjonalt, for å skape fred og tryggleik.
Stryn kommune lagar frivillegpolitikk, og treng DITT innspel!
Bli med på innspelsmøte 15.juni på Låven på VisnesI frivillegheita sitt år 2022, vart det gjennomført 5 dialogmøter i ulike bygder i kommunen, og mange utfordringar som vart diskutert var felles for dei ulike bygdene. Betre dialog og samarbeid med kommunen, var ein av tilbakemeldingane som gjekk igjen. Stryn kommune skal no utvikle og vedta eit frivillegpolitisk dokument for å bidra til og legge til rette for gode vilkår for frivillegheita.
Ein aktiv og engasjert frivilleg sektor er berebjelken for eit levande lokalsamfunn i Stryn kommune. For å gje frivillegheita gode vilkår til å utvikle seg, har kommunestyret vedteke at Stryn kommune skal jobbe meir med frivillegpolitikk. I første omgang skal ein arrangere ein innspelsmøte, 15. juni på låven til Visnes Hotell. Kommunen har inngått eit samarbeid med Frivillighet Norge som gjennomfører møtet saman med oss, og utarbeider ein rapport basert på innspela frå frivillegheita etter innspelsmøte.
Den frivillegpolitiske planen skal peike på utfordringar, definere satsingsområde og legge føringar for korleis kommunen skal samarbeide med og legge til rette for ei mangfaldig frivillegheit.
Med på laget har kommunen fått med seg ei ressursgruppe med engasjerte frivillege frå dei ulike bygdene i Stryn. Representantane kjem frå Innvik, Utvik, Loen, Stryn sentrum, Oppstryn og Nordsida. Vi manglar framleis nokon frå Olden og Markane, og vi vil gjerne ha med fleire! Ressursgruppa hadde første møtet i midten av mai, og allereie då var det idemyldring og erfaringsutveksling på kva som kan gjere frivillegheita i kommunen endå betre!
Meld deg på, og bli med å utvikle retninga til frivillegheita i Stryn!
Kven kan kome? Du som er frivillig og har eit hjarte for lokalsamfunnet!
Kvar? Låven på Visnes, Stryn
Når? 15.juni kl 1700-1930
Vi kan nås på epost: post@frivilligstryn.no, maria.ulvedal@stryn.kommune.no eller jannike.sunde@stryn.kommune.no
Og hugs å følgje med på www.istryn.no når vi legg ut nyhender knytt til frivillegheitsarbeidet.
Del på:
-
Snart kjem Stikk Ut! til Stryn!
Gled deg til ny Stikk Ut!- sesong 1.mai til 31. oktober, SNART også i Stryn kommune!
-
Vårryddeaksjon 22.-28. april
Stryn kommune inviterar til ryddeaksjon i veke 17. Bli med å halde bygda fri for søppel!
-
Kan du reglane for bålbrenning?
I Noreg er det eit generelt bålforbud fra 15. april til 15. september kvart år
-
Hugs bandtvang frå 1.april
Det er lovbestemt at det skal vere bandtvang frå 1. april til 20.august, men med nokre unntak.