-
Gratulere med dagen- 8mai!
Idag hedra vi friheita, og alle dei som har gjort ein innsats, nasjonalt og internasjonalt, for å skape fred og tryggleik.
Sei di meining om friluftslivet i Stryn, og bli med i trekninga på flotte premiar!
På Stryn kommune sine heimesider vert det informert om to prosjekt i regi av Fjordane Friluftsråd. Stryn kommune er medlemskommune i Fjordane Friluftsråd ilag med Solund, Askvoll, Kinn, Bremanger og Stad.Kom med dine innspel på prosjekta: Friluftslivets ferdselsårer og Ro- og padleruter.
Friluftslivets ferdselsårer har som mål å identifisere, ivareta og utvikle stiar, turvegar, løyper og leier som er viktige og skal verte lett tilgjengeleg for alle. Dette skal gjerast ved å betre kunnskapsgrunnlaget, fremje planlegginga av samanhengande nettverk av ferdselsårer i Stryn kommune.
I tillegg skal prosjektet kunne bidra til rehabilitering av eksisterande ferdselsårer, og skilting og merking av desse.
Innspel til plan for Friluftslivets ferdselsårer:
- Kvar går du tur?
- Har du tankar om nye turstiar?
- Kva turstiar bør prioriterast?
- Kan det leggast tursti over eigedomen din?
- Kan du tenkje deg å bidra med dugnad på tilrettelegging av nye og gamle turstiar?
Prosjektet Ro- og padleruter skal legge til rette for at fleire menneskje, både innbyggar og tilreisande, skal oppdage glede og meistring ved å ferdast i ein kajakk eller robåt og få gode natur- og friluftsopplevingar. Eit mål med prosjektet er å samle informasjon om ro- og padlemoglegheiter, eit første steg vil difor vere å gjere ei kartlegging av det som allereie finnast av informasjon og kva som manglar. I tillegg til kartlegging av ruter vil det også vere aktuelt å få oversikt over utlånsordningar for kajakkar, kanoar og robåtar. Det vil gjere det lettare for lokale og tilreisande å planlegge ein ro- eller padletur. Her vil det også vere viktig å kartlegge eksisterande infrastruktur som parkering, toalett, utsetjingsstadar for båt, daglegvarebutikkar, overnatting, friluftsområde m. m.
Vi treng innspel på:
- Ro- og padleruter som vert nytta i dag
- Framlegg til nye ro- og padleruter
- Behov for parkeringsplassar, utsetjingsbrygger, teltplassar, toalett, skilting og merking, m.m.
- Kan det leggast til rette for ro- og padleruter på din eigedom?
- Kan du tenkje deg å bidra med dugnad for å tilrettelegge for roarar og padlerar?
Det vert arrangert fysiske innspelsmøter i veke 24 som alle kan delta på:
Måndag 12. juni: Rand Grendahus kl 18-20
Tysdag 13. juni: Innvik skule kl 18-20
Onsdag 14. juni: Oppstryn skule kl 18-20
Torsdag 15. juni: Stryn kulturhus (for reiselivsaktørar) kl 12:30-14:30
Alle som sender inn GPX-filer av eksisterande stiar er med i trekninga av flotte premiar frå Skogstad, Loen skylift og Stryn kulturhus. GPX-filer kan hentast ut frå pulsklokke, Strava eller liknande applikasjonar, GPS o.l.
Du kan også sende innspel digitalt på e-post til anna@friluftsrad.no
Del på:
-
Snart kjem Stikk Ut! til Stryn!
Gled deg til ny Stikk Ut!- sesong 1.mai til 31. oktober, SNART også i Stryn kommune!
-
Vårryddeaksjon 22.-28. april
Stryn kommune inviterar til ryddeaksjon i veke 17. Bli med å halde bygda fri for søppel!
-
Kan du reglane for bålbrenning?
I Noreg er det eit generelt bålforbud fra 15. april til 15. september kvart år
-
Hugs bandtvang frå 1.april
Det er lovbestemt at det skal vere bandtvang frå 1. april til 20.august, men med nokre unntak.