-
Gratulere med dagen- 8mai!
Idag hedra vi friheita, og alle dei som har gjort ein innsats, nasjonalt og internasjonalt, for å skape fred og tryggleik.
Møteplass for familiar på skisenteret 5.mars!
5. mars arrangerte Voksne for barn til sosialt fellesskap på Stryn vinterski. Ilag med BUA Stryn, Stryn Røde Kors og Stryn skisenter kunne dei tilby leik og moro i snøen, utprøving av nytt utstyr og noko godt å bite i.Etter signal om at det det mangla ein møteplass for familiar i Stryn, bestemte Voksne for barn å gjere noko med dette. Ein søndag i månaden ønskjer dei å kunne tilby familiar ein uforpliktande, sosial og inkluderande møteplass, der alt skal vere gratis!
Tanken med familiens møteplass er at ein skal kunne vere i aktivitet, og bli kjent med kvarandre på tvers av alder og språk. Voksne for barn tar sikte på å tilby ulike aktivitetar kvar gong. Tidlegare har dei blant anna hatt møteplass ved Utstillinghallen i Stryn med hesteriding, og i Strynehallen med Frisklivssentralen som medarrangør.
Voksne for barn sine mål er å jobbe for barn og unge si helse og trygge oppvekstvilkår, og dei ønskjer å samarbeide med andre organsiasjonar som også har dette som mål. Det var derfor supert å kunne arrangere familiens møteplass på Stryn skisenter i lag med BUA Stryn og Stryn Røde kors.
Følg med i aktivitetskalendaren til istryn.no for informasjon om neste arrangement av Voksne for barn!
Del på:
-
Snart kjem Stikk Ut! til Stryn!
Gled deg til ny Stikk Ut!- sesong 1.mai til 31. oktober, SNART også i Stryn kommune!
-
Vårryddeaksjon 22.-28. april
Stryn kommune inviterar til ryddeaksjon i veke 17. Bli med å halde bygda fri for søppel!
-
Kan du reglane for bålbrenning?
I Noreg er det eit generelt bålforbud fra 15. april til 15. september kvart år
-
Hugs bandtvang frå 1.april
Det er lovbestemt at det skal vere bandtvang frå 1. april til 20.august, men med nokre unntak.