-
Gratulere med dagen- 8mai!
Idag hedra vi friheita, og alle dei som har gjort ein innsats, nasjonalt og internasjonalt, for å skape fred og tryggleik.
Kulturavdelinga i Stryn kommune ønskjer innspel om kulturnatt!
Komiteen er usikre på vegen vidare og ønskjer å høyre dykkar tankar om kulturnatt og framtida før vi går i gang med å planlegge for eit nytt år.Kulturnatt starta opp for 15 år sidan som eit lysglimt i ein elles mørk og roleg november. Målet var å kunne gje frivillige lag og organisasjonar ein arena til å vise seg fram for resten av kommunen. Kulturnatt var i starten eit felles prosjekt med alle Nordfjordkommunane, men dei siste åra er det berre Stryn som har helde på den tradisjonelle datoen.
Av tidlegare arrangement har det blant anna vore konsertar, teater, høgtlesing, kinoar, diskotek, utstillingar, tombola, danseinnslag, karneval, quiz og mat. Det er frivillege, lag og organisasjonar som hovedsakleg står for programmet, medan kulturavdelinga bistår med kommunale lokaler, teknikk, administrering og advertering av kulturnatta. Nytt i 2022 var kulturnatt for ungdom, med eit eige program for ungdom i kommunen.
Del på:
-
Snart kjem Stikk Ut! til Stryn!
Gled deg til ny Stikk Ut!- sesong 1.mai til 31. oktober, SNART også i Stryn kommune!
-
Vårryddeaksjon 22.-28. april
Stryn kommune inviterar til ryddeaksjon i veke 17. Bli med å halde bygda fri for søppel!
-
Kan du reglane for bålbrenning?
I Noreg er det eit generelt bålforbud fra 15. april til 15. september kvart år
-
Hugs bandtvang frå 1.april
Det er lovbestemt at det skal vere bandtvang frå 1. april til 20.august, men med nokre unntak.