-
Gratulere med dagen- 8mai!
Idag hedra vi friheita, og alle dei som har gjort ein innsats, nasjonalt og internasjonalt, for å skape fred og tryggleik.
Gratis digitale førstehjelpskurs i mai
Det er nokre kjente symptom ved hjerteinfarkt, men ein kan også ha meir utydelige eller usikre symptom. Delta på gratis kurs, din kunnskap kan redde liv!Dei digitale førstehjelpskursene varer i ca 1 time, og er opne for alle privatpersoner som ønskjer å tileigne seg litt ekstra kunnskap om førstehjelp og symptomer på alvorleg sjukdom.
Trykk på lenka for å delta på følgende tidspunkt:
- Mandag 8. mai kl 12:00 - 13:00
- Mandag 8. mai kl 20:00 - 21:00
- Torsdag 11. mai kl 12:00 - 13:00
- Mandag 15. mai kl 12:00 - 13:00
- Mandag 22. mai kl 14:00 - 15:00
- Mandag 22. mai kl 20:00 - 21:00
- Tirsdag 23. mai kl 12:00 - 13:00
Det kan vere snakk om liv og død – om du ikkje kan førstehjelp. Derfor er det nyttig med eit gratis førstehjelpskurs, slik at du kan kjenne att symptom og handle raskt. Mindre kjente symptom på hjarteinfarkt kan vere:
- Nedsatt medvit eller medvitsløyse
- Plutselig forvirring
- Vanskeleg å puste eller svært tung pust
- Smerter i brystet, som varer meir enn fem minutt
- Strålande smerter ut mot venstre arm
- Plutseleg uvanleg kraftig hodepine
- Smerter, ubehag eller trykkjensle i mage og/eller bryst
- Kjensle av press i arm, skulder eller mot kjeven.
- Bleik, kald og klam hud
- Plutseleg kraftløshet
Dersom eit eller fleire av desse punkta er gjeldande, så kan det vere eit hjarteinfarkt. For å avklare om det er alvorleg eller ikkje, er det viktig å ringe 1-1-3.
Del på:
-
Snart kjem Stikk Ut! til Stryn!
Gled deg til ny Stikk Ut!- sesong 1.mai til 31. oktober, SNART også i Stryn kommune!
-
Vårryddeaksjon 22.-28. april
Stryn kommune inviterar til ryddeaksjon i veke 17. Bli med å halde bygda fri for søppel!
-
Kan du reglane for bålbrenning?
I Noreg er det eit generelt bålforbud fra 15. april til 15. september kvart år
-
Hugs bandtvang frå 1.april
Det er lovbestemt at det skal vere bandtvang frå 1. april til 20.august, men med nokre unntak.