-
Gratulere med dagen- 8mai!
Idag hedra vi friheita, og alle dei som har gjort ein innsats, nasjonalt og internasjonalt, for å skape fred og tryggleik.
Fritidsaktiveter i Stryn, midlane er tildelt av Stryn ungdomsråd
Stryn ungdomsråd lyste ut 100.000 kroner som skal gå til aktivitet for ungdom i Stryn kommune. Tilskotsordninga er eit del av eit prosjekt gjennom folkehelseprogrammet, der ungdom si medverknad i utvikling av lokalsamfunnet er ei viktig satsing. Stryn ungdomsråd har no handsama søknadane som kom inn.Det er kome inn 6 søknadar på til saman 257.000 kroner
Stryn ungdomsråd skal handsame søknadane og fordele 100.000 til søkjarane som oppnår vilkåra. Ungdomsrådet skal legge vekt på at aktiviteten styrkar fritidstilbod til ungdommar i kommunen. Søkjar kan få vidare rettleiing av Stryn kommune eller Stryn ungdomsråd dersom det er hensiktsmessig i gjennomføringa av tiltaket.
Ungdomsrådet fordelte midlane slik:
Søkjar: | Omsøkt midlar: | Innvilga: |
Stryn vinterski (Alle med på ski) | 95.500 | 70.000 |
Olden idrettslag (fritidsklubb) | 64.000 | 15.000 |
Sonja Bratland (aktivitet på Nordsida) | 15.000 | 15.000 |
Veten IL (sosial tur) | 15.000 | 0 |
Synne Garlid (trening i Oppstryn) | 17.500 | 0 |
Ungdomskonsert i Stryn | 50.000 | 0 |
Del på:
-
Snart kjem Stikk Ut! til Stryn!
Gled deg til ny Stikk Ut!- sesong 1.mai til 31. oktober, SNART også i Stryn kommune!
-
Vårryddeaksjon 22.-28. april
Stryn kommune inviterar til ryddeaksjon i veke 17. Bli med å halde bygda fri for søppel!
-
Kan du reglane for bålbrenning?
I Noreg er det eit generelt bålforbud fra 15. april til 15. september kvart år
-
Hugs bandtvang frå 1.april
Det er lovbestemt at det skal vere bandtvang frå 1. april til 20.august, men med nokre unntak.