-
Gratulere med dagen- 8mai!
Idag hedra vi friheita, og alle dei som har gjort ein innsats, nasjonalt og internasjonalt, for å skape fred og tryggleik.
Friluftsskular i Stryn kommune!
Fjordane Friluftsråd arrangerar Friluftsskulen som er eit aktivitetsopplegg for born og unge i alderen 9-13 år. Vi har ein flott kystnatur, og vi vil inspirere til at born og unge kan få eit nært og godt forhold til naturen. Gjennom ulike aktiviteter, ferdsel og opplevingar ynskjer vi å gje dei ei forståing av naturen sin eigenart og tålegrenser.Tidsmessige og praktiske rammer: Friluftsskulen er eit dagstilbod for born og unge i kommunen og vil foregå i ulike naturmiljø. Over lengre avstandar nyttar vi buss for å komme til dei ulike lokalitetane. Friluftsskulen har gjennomgåande tre hovudtema i undervisningsopplegget. Det er fokus på dei rettar og pliktar som er nedfelt i allemannsretten. Vidare er det lagt vekt på kunnskap om orientering og bruk av kart og kompass på land og på sjøen, og korleis ein finn, lagar og ter seg på ein raste- og leirplass.
Undervisninga startar kl 9 og sluttar kl 15 den fyrste dagen. Dag 2 startar vi kl 9 og overnattar til dag 3. Dag 3 avsluttar vi kl 15. På overnatting der ein kan velje mellom telt, lavvo og hengekøye. Det er frivillig om ein ynskjer å overnatte.
Friluftsskule 1 er i Oppstryn 23.06-25.06
Friluftsskule 2 er på Blakset 28.07-30.07
Trykk på lenkene for meir informasjon og påmelding!
Pris og påmelding: Påmeldingsavgifta er 500kr
Maks 20 barn så her er det er fyrste mann til mølla! Påmeldinga er bindande.
Foreldre er òg hjarteleg velkomne. Vi tar forbehald om å kansellere friluftsskular dersom det vert for få påmelde.
Ta gjerne kontakt med Anna Kobbeltvedt eller Jonathan Wiik om du har spørsmål 😊 Telefon : 94 15 68 45/ 45 41 60 25 E-post: anna@friluftsrad.no/jonmwiik@hotmail.com
Del på:
-
Snart kjem Stikk Ut! til Stryn!
Gled deg til ny Stikk Ut!- sesong 1.mai til 31. oktober, SNART også i Stryn kommune!
-
Vårryddeaksjon 22.-28. april
Stryn kommune inviterar til ryddeaksjon i veke 17. Bli med å halde bygda fri for søppel!
-
Kan du reglane for bålbrenning?
I Noreg er det eit generelt bålforbud fra 15. april til 15. september kvart år
-
Hugs bandtvang frå 1.april
Det er lovbestemt at det skal vere bandtvang frå 1. april til 20.august, men med nokre unntak.