-
Gratulere med dagen- 8mai!
Idag hedra vi friheita, og alle dei som har gjort ein innsats, nasjonalt og internasjonalt, for å skape fred og tryggleik.
Er du pårørande eller nær venn av ein person med demens?
Pårørandeskulen i Stryn startar kurs for pårørande til personar med demens 28. februar på Stryn omsorgssenter. Det er lagt opp til fem samlingar.Pårørandeskulen er eit gratis kurstilbod til pårørande og nære venner til ein person med demenssjukdom. Gjennom faglege førelesningar, plenums- og gruppesamtalar er målsetjinga å:
- gi pårørande auka kunnskap om demenssjukdomar
- gi innsikt i metodar for kommunikasjon og samhandling med personar med demens
- bidra til at pårørande får betre kjennskap til rettigheiter og aktuelle lover, og korleis ein får kontakt med hjelpeapparatet
- tilby støtte gjennom å møte andre pårørande som er i same situasjon
Fellesskap med andre i same situasjon kan vere ei viktig støtte for pårørande. Ei landsomfattande evaluering av pårørandeskular viser at deltakarane har stor nytte av å delta på kurs. Informasjon og støtte kan redusere omsorgsbelastningane til pårørande og føre til ein betre kvardag både for pårørande og den som er sjuk, Evaluering av tidlegare kurs i Stryn viser at pårørande vurderer at det å delta på kurset er til hjelp, støtte og fellesskap.
Påmeldingsfrist er 21.02
Del på:
-
Snart kjem Stikk Ut! til Stryn!
Gled deg til ny Stikk Ut!- sesong 1.mai til 31. oktober, SNART også i Stryn kommune!
-
Vårryddeaksjon 22.-28. april
Stryn kommune inviterar til ryddeaksjon i veke 17. Bli med å halde bygda fri for søppel!
-
Kan du reglane for bålbrenning?
I Noreg er det eit generelt bålforbud fra 15. april til 15. september kvart år
-
Hugs bandtvang frå 1.april
Det er lovbestemt at det skal vere bandtvang frå 1. april til 20.august, men med nokre unntak.